Sist søndag var ein flott dag og kanskje det kan være litt kjekt å sjå litt frå dei bilda som vi tok på ein fin tur til Grøtdalstinden, også frå gammalt kalla Supatinden. Portalen har nok mange bilder herifrå desse fjella, men ikkje akkurat denne dagen, så eg legg ut nokre.
Vi starta på heimsætra i Frølandsdalen og gjekk oppi i "Bjønndalen" (lokal uttale) skrivemåten er nok Bjørndalen, men eg brukar den lokale varianten her.
![]() |
![]() |
"Bjønndalen" med Stokkehornet og Bondalen bak | Grøtdalstinden låg der klar for oss. Der var mange som besøkte tinden denne dagen. |
Telelinsa måtte fram, og eit sveip over horisonten ser ein av "næringslivtoppane" våre i arbeid med mobiltelefonen i handa, eller er det GPS?
Før sjølve oppstigninga til toppen ser ein rett ned i Grøtdalen.
Men utsikta på sjølve toppen er heilt konge. Her ser ein mot aust, der Sæbø og Norangsfjorden er senter.
![]() |
![]() |
Mot sør ser ein Kvistad med Kvistaddalen mellom Kollen og Årsethornet. | Med litt tele ser ein heilt inn på Kvistadsætra |
Bak mellom Storhornet og Kollen stig opp kongen sjølv -Skårasalen. Breen i Moajølet er rekordstor i år
Snur ein seg nordover ser ein utgjennom Hjørundfjorden og Molaupen. Rett fram er Sylvkallen, Dalegubben og Lisjedalshornet.
Og vestover ser ein dei to andre Grøtdalstindane med Blåtinden bak, og ein skimter Follestaddalen til venstre.
Og sørover, Bondalen mot Rekkedal og Snørhornet.
Og tilslutt, eit telelinsebilde frå sjølve sentrum.
Håper det smakte :-)
Helsing Sondre og Ivar
(alle bilda kan klikkast på for stor størrelse)
Kommentarar