Då Trivsel-helga på Urke var til ende, kom det klare utsagn frå deltakarar om at med dei tradisjonar som no er etablerte og dei rammer som var lagt for denne tilskipinga, må dette vidareførast. Overfullt grendahus og opprigging av telt ute ga rom for at alle kom under tak på ein god måte.

Nytt av året

I tillegg til at programmet om kvelden var sterkt forenkla, vart det positivt motteke at Jens Forbord - på eige initiativ – hadde samla ei fjellvandrargruppe som brukte dagen, trassa tåka og sleit seg opp på toppen av Urkedalstinden 1.524 moh.

IMG_0960 

På veg mot Urkedalstinden -1.524 moh. Med isøks, stegjarn og tau gjekk Bård Forbord og Kåre Jon Berg i spiss. Etter festing av snøanker, kunne resten av deltakarane forsere 20 mye meter på veg opp øvste breen mot toppen. Vi ser at tåka gjer vegvalet vanskeleg. (Foto: Are Urke)

 

Denne gjengen fekk seg ein dag med ei ekstra tung rute. Snømengda på den øvste skavlen var uvanleg stor slik at den smale korridoren mellom stupet og skavlen var dekt. Tåka ga lite sikt med stort rom for feil vegval. Både snøanker, stegjarn og isøks måtte brukast av dei som gjekk i spissen. Men toppen vart nådd og det var ein fornøgd gjeng som returnerte til Haukåssætra knapt 8 timar seinare. Her hadde Jens og broren Bård sytt for det vart servert varm brennsnut og noko attåt.

P1050925

Ein gjennomsliten gjeng etter at turen på Urkedalstinden var gjennomført. Initiativtakaren, Jens Forbord, nr. 3 frå høgre.

Femti år gamle fargefoto

Programmet på grendahuset om kvelden var samansett av både musikalske og verbale innslag. Kvartetten med Hallstein og Arvid Stennes, Hallvard Urke og Knut Øyvind Myklebust fekk med salen på allsong og på dansegolvet. Janine Berg og Tom Andersen framførte kjende ”svisker” og salen blei med. Knut Øyvind som solist med sitt gitararrangement imponerte stort og heldt folket engasjert i timar som lyttarar og på dansegolvet.

P1050945

 Knut Øyvind Myklebust (t.v.) og Hallstein Stennes sto i spissen for dei musikalske innslaga under Trivsel-helga på Urke.

P1050944

Heile orkesteret. Frå v.: Knut Øyvind Myklebust, Hallstein Stennes, Hallvard Urke og Arvid Stennes

P1050938

Frå v.:Knut Øyvind Myklebust, Janine Berg og Tom Andersen serverte "svisker"

P1050937

Torbjørn Urke presenterte ei til no ukjent fotosamling etter onkelen, Jon F. Urke.

Torbjørn Urke viste fram eit 20-tal fargefoto som onkelen Jon F. Urke tok frå slutten av 1950-talet. Jon skaffa seg eit Zeiss Ikon kamera med Leica-format  (24x36mm). På den tida måtte filmen sendast til Sverike for å bli framkalla og montert i papprammer. Denne fotosamlinga fortel om bygda og folk i biletform av m.a. nausta, rutebåtane, samlingane på 17.mai, fødselsdagar og sommarvitjingar. Oversiktsbilete av bygda frå ukjende vinklar dukka opp.

17maionkelJohn

Her ser vi eit 50 år gammalt 17.mai-bilde (1962) frå Nilsgjærdet med berre kjende fjes for mange. Bildet vart vist på Trivsel-kvelden og me kunne lett fått dei engasjerte sjåarane til å kommentere det i minst fem minutt. Dei vaksne me ser er vel så godt som alle borte, og borna på bildet er no godt vaksne folk på  om lag 60-70 år. Dette er eit av dei første fargelysbilda frå folkelivet. Med lysbilde i kassett har fargane halde seg godt. Det var den tida ein brukte Kodak Ektacrome lysbildefilm og filmen måtte sendast heilt til Sverike for å bli framkalla og montert i papprammer. Bildet her er digitalisert ved å bli skanna frå eit slikt lysbilde. Foto: Jon F. Urke 1962. (Bilettekst: Torbjørn Urke).

Tid for prat og mat

Leiar i Urke Grendalag, Kjellfrid Prestegarden, opna samlinga og nytta anledninga til å takke dugnadsfolket som har stått på over lang tid med å fullføre fornyinga av grendahuset og i Bøvika. Ho framheva spesielt og ga blomar til Eldrid Øye og Helge L. Urke for trufast dugnadsinnsats.

Mellom programpostane viste Bård Forbord eitt av sine talent som historieforteljar og playmakar. Vi fekk vite korfor det er viktig å ha med dopapir på fjelltur og veit no korleis Ålesund Turistforening si sangbok i varden på Råna fekk si endelikt.

Nær 200 hadde funne seg sitjeplassar både inne og ute. Vi merka oss mange ”nye” gjester i år som har tilknytning til Urkebygda. Eit ungt par frå Slovakia på arbeidsoppdrag denne sommaren kosa seg saman med bygdefolket. Ei utlodding med fine gevinstar var meir underhaldande enn innkreving av inngangspengar. Ekstra heldig var Kjellaug Remøy som vann eit flott oljemåleri utført av Sverre Birger Rønning.  Det vart tilbode både rjomegraut, spekemat, pølser, kaffi og kaker. Ei avrunding av programinnslaga ein time før midnatt var ikkje ei avslutning på ei lang og triveleg Trivsel-helg på Urke.