Dugnadssagen starta omlag kl 10:00, med dette utgangspunktet: 

dugnad 2508-00

Taket vart raskt skore beint av eit arbeidslag medan andre arbeidslag var sysselsatt med å jamne ut grunnen under. 

dugnad 2408-1

Heldigvis hadde vi litt maskiner til hjelp, her fraktast grus frå vegen inn til løda.  

dugnad 2408-1  

Handemakt må til for å få grusen på plass og jamna ut ut. Maks 5 cm tjukt, då får vi stabilt underlag.

dugnad 2508-5 dugnad 24508-3

Ein bulk på taket må rettast lenger nede: 

dugnad 2508-17

Taket synfarast med augemål og etterkvart cm-mål. Det er sjølve utestorstova vi bygg, då må det gjerast skikkeleg. 

dugnad 2508-4 dugnad 2508-13 dugnad 2508-15 dugnad 2508-14 dugnad 2508-16

dugnad 2508-19 

Ubrukt materiell leggast på hems til tørk - det skal brukast til å tette veggen mot nordaust. 

 dugnad 2508-6 

Eit eige lite arbeidslag er opptatt med å rydde opp i denden tette grønne jungelen attmed grindaløda: 

dugnad 2508-7  dugnad 2508-9

Vi fant til og med eit nytt klatretre for borna. Håkon, Eskil og Elias har testa og godkjent arbeidet.

dugnad 2508-18

Andre arbeidslag nyttar høvet til å rydde badetstranda: 

dugnad 2508-10

Alt dette arbeidet førte til apettitt for både mat og drikke. Uteborda vart flytta inn under tak og satt på den nye, fine grusen. Det fungerer!

dugnad 2508-11 

Dugnadslutt: omlag kl 16 ellet 17:00, då var vi tom for materiale - halve taket står derfor att utan papp. 

Det var i tillegg skogryddedugnader fleire stadar i Sandvika denne laurdagen, og bålplassen fyltes raskt opp. Dette biletet illustreer forresten ei av utfordringane til grendalaget. Plassen i midten, der det ikkje ligg skat: Det er bålplassen omkrinsa av bålsteinar. Alt som skal brennast ligg på utsida. Nært straum og telelinjer og omliggande hus.  Bålet sunest å bli større og større for kvart år som går - og utgjer etterkvart ein fare for omkringliggjande hus. 

dugnad 2508-20

Styret i grendalaget nyttar hlvet til å takke for ein fantastisk dugnadsinnsats gjennom fleire månader. Vi starta i mai, det er no august og vi håper at i slutten av september er torvtaket på og sesongen kan avsluttast med ein høveleg dugnadsfest.