Regnet fossa ned og Crashvillekarane venta og hadde lita lyst til å starte, og ville avvente regnbyga, då dei rekna med at dei vart ståande å spele utan folk på danseplatten. Men godt over halv-elleve måtte dei berre på plass og gjere for føda. Regnet såg ikkje ut til å ende ta.

Hadde det vore ein annan plass ville nok musikarane fått rett, men her hadde dei å gjere med unge og gamle frå ein stad i Norge som hadde vore ute ei haustanatt før.

Folk dansa og kosa seg om det hølja ned. Men hadde det vore ei skikkeleg haustanatt, så er no underteikna sikker på at sjølv bygdafolket inst i Hjørundfjorden også ville ha dempa seg litt. For bortsett frå regnet, så var det ein fantastisk temperatur på rundt 17 grader og vindstilt.

393793_3941816837298_136088953_n

Sjølv om plan B var klar, med flytting av dansen til Haukly, var det så fint og trygt vér tidlegare på dag, at arrangørande tok ein kjangs på at dette skulle gå bra tross dystre vérmeldingar. Sena vart fullført og ein hektisk dugnad var avslutta og det var klart for årets dans. (foto Sølvi Myklebust)

Musikken har rigga og klar til dans_1

Og i åtte- halvni tida etter Crashville hadde rigga opp, låg Bjørke Marirna der klar til å ta i mot folket i ein fin seinsommar kveld. (foto Svein Ivar Holen)

Men veret gav seg ikkje og i pøsande regnver vart ein del bilder teke, mellom kl.01-1.30,  som ein kan sjå nedanfor. Klikk på kvart enkelt bilde vil du sjå det i stor størrelse:

IMGP3539_1 IMGP3540_1 IMGP3541_1
IMGP3542_1 IMGP3543_1 IMGP3544_1
IMGP3546_1 IMGP3549_1 IMGP3558_1
IMGP3553_1 IMGP3554_1 IMGP3555_1

IMGP3559_1

Og mot slutten letta régnet og dei godt voksne svinga seg i Country Rock få Crashville.

IMGP3560_1 IMGP3561_1

Og då hadde regnet letta , men kvelden og natta var over for Crashville karane og folk samla seg fram om scena for å få den siste på nært hald.

IMGP3563_1

Siste låt var ein "Krasafaren Steinbu" av Hellbillies, som Humberset drog ut i ein lang gitarsolo. Publikum takka Crasville for kvelden.

Bjørke Marina var arrangør denne kvelden og Skjåstaddalen ungdomslag hadde ansvaret for vakthold og servering ilag med Marinaen. Eigarane Kjetil Rørstad, Ola Jon Mork, Terje Aakre, Jan Arve Mork, Svein Otto Melheim og Jarle Myklebust er etter forholda svært fornøgde med dansen. Folk i frå Norangdalen, Bondalen, Åmdalen, Austefjorden og Ørsta og Volda møtte opp, sjølv i dei trasige vérmeldingane som var meldt.

Vel 120 betalande gjorde kvelden til ei brukbar kveld økonomisk, og når det gjekk bra i år, så gjev det meirsmak for satsing neste år. Jarle Myklebust er ikkje i tvil om at dette skal verte eit årleg arrangement og neste år har  Kvivsvegen opna og vi har eit mykje større nedslagsfelt av publikum og i tillegg vert det sett opp båt på Hjørundfjorden,- seier Myklebust. Han kan ikkje få fullrost karane i Crashville som gjorde det nesten umulige ved å få folk utpå i det regnet som var desse fire timane.

Etter dansen vart det opphald.

På vegne av alle på Bjørke som har delteke i denne dugnaden, takkar Jarle Myklebust til alle som tok turen til bygda denne kvelden og velkommen att neste år.