Søndag 5.august starta nokolunde vérmessigt, men etterkvart vart det strålande turvér med lett overskya og gløtt av sol. Desse turane er gratis utan påmelding og like spennande kvar gong, om det kjem folk eller det berre vert ein einsom tur for vegvisarane. Men som tidlegare erfaringar, dukka det opp 12 personar frå fleire plassar i landet og då er det kjekt å være gaid.- Oslo, Volda, Hareid, Ålesund

Naturfestivalen 2012

Etter ei ganske rask gange var vi komne oppå fjellet og såg innover dei uventa store breane. Her brukar det å være kun ein bréde ved det heimste vatnet, men i år var dei omtrent samanhengande inngjennom heile fjellet.


Naturfestivalen 2012 Naturfestivalen 2012

Kaffi og medbrakt niste er topp i Sunnmørsnaturen.

Naturfestivalen 2012

Etter den korte pausen er gruppa klar til å gå ned i dalen, men først er det felles bilde. Isen ligg forsatt på Trollvatnet ned til høgre.
Fv: Perdy Aarseth,Tarjei Mo Batalden, Stein Batalden, Cecilie Mo Batalden, Kjell Heggstad, Linda Pettersen, Trond Aarseth, Øystein Sunde, Sondre Kristoffer Mo og Anne Kristin Hustad

Naturfestivalen 2012

Då var vi etter ein fin nedstigning i dalen på plass ved selhaugen. At her var eit sel som var i drift på kvar gard på Mo og Hustad, fram til begynnelsen av 1920 talet, er ei historie som får dei fleste til å stoppe opp.

Naturfestivalen 2012 Naturfestivalen 2012

Etter ein kort stopp og innskriving av turboka til trimgruppa, gjorde vi oss klar til turen ned til Finnes-brunene.

P1020318_1

Tarjei, Cecilie og Stein Batalden er frå Oslo  har lagt ferien til Sunnmøre i år. Tarjei og Cecilie har mange spørsmål til gaidane om sætre-historia i Kvamsedalen. Her var nemeleg oldeforeldra til Tarjei og besteforeldra til Cecilie sin kvardag somarstid og dei trudde nesten ikkje det dei høyrde om det slitet som var denne tida, fram til begynnelsen av 1920-åra. Slitet var nok også årsaka til at det vart slutt på sætringa.

Naturfestivalen 2012

På Finnesbrunene er flott utsikt til Bjørke, Kalneset til venstre og Finnes til høgre. At det var skodde-fritt var viktigt for oss alle. Vi gaidane hadde garantert at maten smakte betre når vi kom ned på  Brunene og det var alle enige om etterkvart, at det gjorde den. Det er like imponerende å sjå den flotte utsikta kvar gong, og dei  som ikkje hadde vore her før, vart ekstra betekne av utsikta. Fv: Sondre Kristoffer Mo, Stein Batalden, Tarjei Mo Batalden, Øystein Sunde, Trond Aarseth, Linda Pettersen, Anne Kristin Hustad, Cecilie Mo Batalden, Perdy Aarseth og Kjell Heggstad

Naturfestivalen 2012 Naturfestivalen 2012
Vel tilbake til selhaugen skein sola

Etter heimvegen var begynt fekk vi tre nye i gruppa.
Fv: Frank Mo, Janeche M.Mo og bak André Mo. Her i samtale med Cecilie M. Batalden.

Kvamsedalen tilbakelagt_1

Ein fornøgd og litt sliten gjeng er tilbake på Kvamsedalsreset og kan begynne å  rusle på vegen heim.


Vi starta turen kl. 10.00 frå Kvistadsætra og avslutta kl. 17.00. Vi hadde brukt lang tid, men grunnen var ikkje uhell, dårleg rusta deltakarar på noko vis, eller problem av noko slag, men kort og godt at i godt lag, der praten går lett, går tida fort, og vi hadde heller ikkje som noko mål om å være tilbake til ei bestemt tid.

Vi to som var vegvisarar har det intrykket at dette har vore ein svært vellukka dag og har gitt oss og alle deltakarane, ein rik dag på opplevelsar utan mobiltelefon eller anna som pregar kvardagen til dei fleste.

Takk for ein kjekk dag til alle som var med.

Anne Kristin Hustad og Ivar Svein Mo

(Les om artiklar som er skrevne om Kvamsedalen ved å klikke her)