Søndag 5. august opnar Bakketunet ei ny hovudutstilling med maleri og grafikk av billedkunstnaren Tor Arne Moen frå Notodden. Moen har utdanninga si i frå Kunsthøgskolen i Bergen og har hatt ei rekke utstillingar i Noreg. Han har vore innom mange ulike konsept og eit stort utval av figurative former for maleri, som bla. akt, portrett, stilleben, interiør, motorkøyrety, landskap og dyremotiv. Utstillinga opnar søndag kl 13 der Karen Rosenberg Olsen står for det musikalske innslaget.  

I kammerset har vi laga til ei heilt spesiell utstilling som vi har kalla "Vintage og vinyl". Ole Jørgen Mork, drivar av Mork`s antikk, har i høvet leita fram tidstypiske gjenstandar frå 50, 60 og 70- talet. Keramikk, kunstglas i frå bla. Hadeland (samleobjekt), servicer, og andre design-godbitar er å finne i kammerset denne søndagen. Gjenstandane er plukka frå Mork si unike private samling og mykje av det har aldri før vore vist for publikum. Nokre av gjenstandane er for salg. Vi forsterkar tilbakeblikket med musikk i frå same tidsperioden, sjølvsagt frå vinyl-formatet!

Denne søndagen startar vi òg opp med eigne maleaktivitetar for born. Utstyrt med staffeli, lerret, maling og malekostar får borna skape eigne kunstverk. For det er lett å hente inspirasjon til eigne verk i slike kulisser, likar vi å tru. Og kanskje kan eit besøk i utstillinga til Tor Arne Moen gi nokre impulsar? Maleaktiviteten vert leia av Astrid Dybdal Øie som har ein rykande fersk bachelor i Kunst og handverk frå Høgskulen i Volda.

På menyen denne søndagen har vi spekemat-tallerken frå Sørdal Kjøtt i Syvde og rømmegraut i frå Tine. Og som vanleg er det mogleg å nyte ein kopp kaffi og eit kakestykke i kafeen vår i røykstova.

Vi minner om at det også er mogleg å kome seg til Bjørke via sjøvegen. I sommar har MS Hjørundfjord fast søndagsrute frå Sæbø til Bjørke.