På Sæbø ligg Strands bakeri med nydeleg bakverk frå eigen steinomn. Ørstabrødet og Hjørundfjordbrødet, timper og verdas beste skulebollar. Framleis søndagsope, med moglegheit for å sitje ute og nyte ein kopp kaffi, godt bakverk og ein fantastisk utsikt mot fjorden.

 Hjørundfjord

Like forbi fergekaia ligg den familievennlege badestranda.

To daglegvarebutikkar har det du treng, held søndagsope og bidreg ofte med nyttig informasjon om plassen. Bellingen sel drivstoff og skulle du få lyst til å fiske kan utstyr kjøpast på Joker.

Nilsbuda

Nislbuda held ope laurdagar og søndager dei fleste helgane i august. Her finn du handlaga gåver dei ikkje sel så mange andre stader. Nysteite sveler og kaffi kan du kjøpe med deg og nyte utandørs.

På Sæbø finn du turstiar og sykkelvegar for mosjonistar og ekstremutøverar. Brosjyrer ligg ute i butikkane.

Gamleveien

 

Campingplassar og utleigeleilegheiter om du vil bu her nokre dagar.

Velkomne til Sæbø - perla ved verdas vakraste Hjørundfjord.