Dama heiter eigentleg Liss-Mona Wamer-Pettersen, og kjem frå Farsund og bur på Lyefjell på Bryne. Pilfetting starta ho med i 2001 og vart etter kvart så lidenskapleg oppteken av pil, at gode vener gav henne eit nytt namn; Klara Pil. For nokre år sidan slutta ho som sjukepleiar, og har sidan då levd av pilfletting. I dag er ho eit kjent namn i norsk hagemiljø.

Pilfletting er eit handverk med lange tradisjonar. Frå gamalt av var teknikken brukt til å lage korger og emballasje til oppbevaring og frakt. I Danmark overlevde tradisjonen, og vart teken med til Noreg av driftige damer tidleg på 2000-talet. -No flettar vi av pil både for at det gir oss praktiske korger og for dekor i blant anna hagen. Dessutan ligg det stor skaparglede i det å kunne handverket, meiner Klara Pil som ser fram til turen til Sunnmøre.

Hovudutstillinga med grafikk og maleri av Tor Arne Moen er enno og sjå i tunet. I utekjøkkenet ved kunstnarbustaden er det sal av rømmegraut, og i røykstova kan ein nyte kaffi og sommarlege kaker.