Velkomen til ein ny haust i Hjørundfjord Barnekor.
Hjørundfjord Barnekor gler seg til ein ny og spanande haust. Vi skal synge både på gudstenester, opptre på Hjørundfjordheimen,og så skal vil vere med på eit veldig kjekt korprosjekt i oktober. Då kjem nemleg Team Sulebakk og vil halde korseminar og konsert i lag med mange barnekor frå Ørsta og Volda kommune. Dette gler vi oss veldig til! Sjå heimesida deira: www.sulebakk.no
På øvingane syng vi artige songar og har forskjellige prosjekt.
Nokre gongar har vi kosekveld: Då leikar vi oss, og så et vi god mat!
Før har Hjørundfjord Barnekor hatt øving kvar mandag på Sæbø bedehus.
No skiftar vi dag. Øving vert kvar torsdag rett etter skuletid: 15.00-16.00.
Har du lyst å vere med å synge i koret? Bli med på øving!
Første øving etter sommarferien vert: torsdag 30.august.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med dirigent Marie Austrheim.
Tlf: 45235996. Mail: marie_austrheim@hotmail.com
Velkomen til nye og gamle korsongarar!
Kommentarar