Grøthaugen 494m.o.h

Vi møttast på Moane og vart glade då Sondre kom å ville vere med oss.

Vi nytta høvet til å få gå oppover mot Grøthaugen frå Kvistadgarden si "rute".

001

Vi starta oppover Rasmus sin skogsveg, og Sondre viste veg.

002

Sondre var grindagut og opna og let att,

 men vips so var han fremst og viste veg att.

003

Vi kryssa matfatet til ein flokk med kyr,

 dei var svært glade for besøk og ville gjerne slå lag.

004

Dei var svært nærgåande og gjekk rett inni turfyljet.

Etter ein liten alvorsprat vart dei inforstått med at dei nok ikkje kunne vere med vidare.

005

Bratt og raskt kom vi oppover i høgda, utsikta er flott allereide her.

006

Etterkvart vart det slutt på skogsveg og terrenget vart litt meir variert.

008

Litt meir ulendt , gjekk vi etter straumgjerdet.

009

Inni skogen var det tuete og til dels vanskeleg å gå,

 men vi kjempa oss etter "haren".

010

Sondre tok det roleg og syntest sikkert at vi gjekk for treigt,

sprek ungdom dette her.

011

Vi andre fekk opp pulsen og sveitta godt.

Mykje avfallstoff måtte ut og litt måtte inn.

Nokre må ha seg ein blås so ikkje dei spring frå oss andre.

012

Endeleg såg vi til ryggen som går langs elva, då vert det nok litt enklare terreng.

013

No var vi sveitte og klar for ein liten stopp.

014

Ein liten pustepause då vi kom bort til råsa, vi vart overraska

 når vi såg kor langt oppe vi var.

No var det ikkje langt att.

017

Yess! endeleg oppe, siste kneika er bratt men no går det kjapt.

018

No er det tid for utsikt, bilder ,mat , drikke og snacks.

019

Utsikta er fantastisk, og mååå opplevast.

020

So var det tid for fellesbildet:

Sondre, Ansgar, Oddbjørg, Mari, Stig, Kari, Helga, Eli, Svein, Hilde, Monika og Bodil.

022

Med dette flotte utsiktsbildet takkar vi for laget for denne turen.

Neste måndag er det tur til Tua på Hustadneset.

VEL MØTT.