Grøthaugen 494m.o.h
Vi møttast på Moane og vart glade då Sondre kom å ville vere med oss.
Vi nytta høvet til å få gå oppover mot Grøthaugen frå Kvistadgarden si "rute".
Vi starta oppover Rasmus sin skogsveg, og Sondre viste veg.
Sondre var grindagut og opna og let att,
men vips so var han fremst og viste veg att.
Vi kryssa matfatet til ein flokk med kyr,
dei var svært glade for besøk og ville gjerne slå lag.
Dei var svært nærgåande og gjekk rett inni turfyljet.
Etter ein liten alvorsprat vart dei inforstått med at dei nok ikkje kunne vere med vidare.
Bratt og raskt kom vi oppover i høgda, utsikta er flott allereide her.
Etterkvart vart det slutt på skogsveg og terrenget vart litt meir variert.
Litt meir ulendt , gjekk vi etter straumgjerdet.
Inni skogen var det tuete og til dels vanskeleg å gå,
men vi kjempa oss etter "haren".
Sondre tok det roleg og syntest sikkert at vi gjekk for treigt,
sprek ungdom dette her.
Vi andre fekk opp pulsen og sveitta godt.
Mykje avfallstoff måtte ut og litt måtte inn.
Nokre må ha seg ein blås so ikkje dei spring frå oss andre.
Endeleg såg vi til ryggen som går langs elva, då vert det nok litt enklare terreng.
No var vi sveitte og klar for ein liten stopp.
Ein liten pustepause då vi kom bort til råsa, vi vart overraska
når vi såg kor langt oppe vi var.
No var det ikkje langt att.
Yess! endeleg oppe, siste kneika er bratt men no går det kjapt.
No er det tid for utsikt, bilder ,mat , drikke og snacks.
Utsikta er fantastisk, og mååå opplevast.
So var det tid for fellesbildet:
Sondre, Ansgar, Oddbjørg, Mari, Stig, Kari, Helga, Eli, Svein, Hilde, Monika og Bodil.
Med dette flotte utsiktsbildet takkar vi for laget for denne turen.
Neste måndag er det tur til Tua på Hustadneset.
VEL MØTT.
Kommentarar
Vi skulle treffast på råsa, men sidan vi gjekk ein annan veg vart ikkje det slik.
Godt du rakk Å.F.K. kampen og fekk i land sigeren Fred!