Måndagstur til Bondalsbakken.
Vi møttest ved bommen i Sledalen, klare til tur.
Dei som var med var: Oddbjørg, Ståle, Ingebjørg, Lars Kjell, Jonny, Helga, Inger, Kari, Marit, Wenche, Kanutte, Bente, Fred, Haldis, Bodil, Unni og Håkon.
Håkon opnar grinda til oss på Rognestøylen, og turen kan starte.
I flokk og fylje gjekk vi etter råsa innover langs vatnet.
Litt byks frå stein til stein gjennom dei våtaste partia.
Like bra og gå oppom råsa syntest Håkon.
Ved enden av vatnet var det litt turrare ei stund.
Varmt og fint, vi greidde og rote litt med råsa her i enden av vatnet,
men vi tok oss godt innatt.
Ein liten stopp medan vi nyt utsikta, no letta skodda litt så det var betre utsikt.
Mykje blåbær i lyngen, så dei som skal plukke kan finne sorten her.
Enda er der litt snøv att i høgda.
Lita pustepause før vi fortsett oppover bratta,
nokre kjikar på sauder andre berre pustar på.
Reine gjørmebadet oppover i bratta, Haldis byks oppetter tuene.
Sleipt , glatt og bratt, men no er vi straks oppe.
No er Bondalsbakken i sikte, ikkje langt att.
Unni og "karane" leder an mot målet, tungt i bratta.
Siste klivringa opp mot toppen, snart er vi oppe.
No er alle straks oppe på toppen, og skodda lettar meir og meir.
Fellesbilde med utsikt mot Bondalen, sjå berre kor blide me e.
Håkon fann ein frosk, dei trivast nok godt her i det våte element.
Vi hadde ein fin tur, regnet kom når vi var på heimveg.
Takk for laget og vel møtt til neste måndagstur som går til Grøthaugen.
Kommentarar