Stokkesetra med spidding av pølser og pannekakesteiking.
Denne familieturen er ein del av Naturfestivalen som trimgruppa er med å organiserar.
Vi møttast på parkeringsplassen, og det var overraskande mange
som ville vere med på laget.
Thomas, Nikolai, Rebekka, Jonas, Ingrid, Synne , Andrea, Eline, Anne, Marthe, Olivia, Julie, Britt Helen, Ulf kristian, Alvhild, Johan, Amalie, Judith, Bodil, Petra, Ann Helene, Jan Ole, Haldis, Joakim, Adrian, Thea Karoline, Gry, Hanna, Torunn, Linda, Eskil, Iver, Bente, Liv, Irene, Åge, Ingrid, Julie, Jakob, Gunnhild, Johan, Alette, Knut, Merethe, Erik, Hogne, Anne, Julie, Andrea, Kenneth, Gunnhild og Peder.
Trur vi har fått med alle, godt og vel femti stykke var på med på turen.
Familien Brautaset og familien Valset ventar på start frå parkeringsplassen.
Fleire og fleire kom strøymande til, familien Stokke var godt representerte.
Vi gjekk gamleråsa for den er turrast, Amalie kikar spent på kva som er framover i dalen.
Amalie og Alette gjekk fort og lett, bakom kom resten av flokken.
Nikolai og Johan var stifinnarar og hadde god fart men venta etter avtale på oss andre.
Fin rekke nedover bakken.
Sjølvsagt måtte vi kike på folla hass "Røve-Per" eller "Jase-Pit".
Nikolai, Johan og Amalie.
Eskil syntest det var litt rart at det gjekk and å fange Jase slik.
Vi gjekk vidare mot Stokkesetra, somme litt raskare enn andre.
Siste sildre-bekk før setra, her fylle Haldis vatn i bytte
og flaske slik vi har å sløkke bålet med.
Nemi var flink å gå, men måtte få litt hjelp på vegen.
So var det klart for båltenning, fyll fyr på fyrste forsøk.
Folket strøymde til, å fann seg sessar i området på støylen.
Varmt og fint å sitte, godt med ei kvild no.
Boka må fram så alle kan skrive seg i den.
Bålet er klart så no starta spiddinga av pølsene.
Mange som hadde pølse på menyen i dag, trur vi spidda mellom 150- 200 pølser.
Eskil og Jonas i djup konsentrasjon.
Nikolai og Johan hadde ansvaret for at alle fekk skrive seg i boka, og det klarte dei godt.
Praten gjekk lett og vi kosa oss i det flotte veret.
Petra og Ann Helene fekk kose seg med spidda pølse dei og.
Litt vind kom der innimellom så då måtte jakkene på.
Dette er familien Rognstad, Ulf, Julie, Olivia og Oline.
Alle hadde med seg godt med niste og drikke, så vi kosa oss.
Åge og Irene med barnebarna Jakob og Julie.
No var det tid for å steike pannekakene.
Fyrste pannekaka såg ut som ein knørva dott, men smakte ikkje så verst.
Sidan gjekk det betre, Haldis hadde skikkeleg dreisen på det.
Ei lite gutehand lurte seg borti blåbæra, for dei var no so fristande gode.
Storekokkene svinga pannekakene i røyken med godt humør.
Kø vart det framføre panna, å kjære du mi pannekake.
Sjeldan er det vel så folksamt på Stokkesetra, bållukt, varmt og turt og mykje kjekke folk.
Adrian og Joakim hadde så vidt tid til ei lita matpause,
for dei hadde så mykje kjekt å styre med.
Pannekanene smakte fortreffeleg, spesiellt med blåbær på.
Joakim fekk ansvaret med å slokke bålet.
So var det slutt for denne gongen, vi rusla heimatt og var godt fornøgde med turen.
Tusen takk til alle som var med å gjorde dette til ei triveleg stund for både små og store.
Vel møtt på måndagsturen til Tua på Sæbøneset.
Takk for laget.
Helsing Turvertane Haldis og Bodil.
Kommentarar
Det står under eit bilde at Eskil syns det er rart at det går an å fange Jase på den måten. Jase er ein hare og dette er ei røvefelle, så Eskil sin magefølelse var heilt rett. Som litteratur vil eg anbefale "Flekkmonsteret byggjer harefelle".
Godt med rett informasjon.