Det er ikkje mange som vil skryte av sommaren. Men ein god sommar for bonden har det vore. Gode avlingar og brukbare innhaustingsforhold.

Ser ein etter lysglimta, er dei mange. Ingenting er som når skodda lettar og det går mot finever.

Tåkemorgon 2012 007

8.august om morgonen var eg oppå bakkane for å sjå etter kalvane. Eg bråsnudde og henta kamera. Her er eit av bileta. Bileta er så store i oppløysing at dei toler at du klikkar på dei.

Tåkemorgon 2012 004

Hjørundfjordingane slepp å pusse opp for å ha det fint rundt seg!

31. august 2012 (6)

I kveld, 31. august held det også på å klårnar opp. Her er Videtjørn.

31. august 2012 (2)

Lissjevatnet på Rognestøylen i kveld.

31. august 2012 (10)

Torbjørngarden, eller Instegarden i Sledalen i kveld 31. aug.

31. august 2012 (11)

"Løken", mellom Rognestøylvatna. Det er nydeleg å vere einaste menneske på Rognestøylen ein siste sommarkveld i 2012.

31. august 2012

Lissjevatnet.

 Det er på tide å ta kveld. Det kan gå mot fyrste frostnatt på Rognestøylen i skiftet mellom august og september.