Etter eit år med kvile, vert det i år igjen loppemarknad på Sæbø bedehus. Set av helga 29. og 30. september.

Denne gongen er det styret i Sæbø bedehus som er arrangør. Huset har behov for oppgradering og har hatt store utgifter i samband med taklekkasje og kjøp av grunn.

Mange har sagt seg villige til å hjelpe til på loppemarknaden og vi takkar for det, for vi har erfart at det trengs mange hender. Styret greier ikkje eit slikt løft åleine.

Kafè:

Etter gode tilbakemeldingar frå tidlegare år, vert det kafè i kjellarstova med fyr på peisen og gode heimelaga kaker og smørbrød.

_MG_0987_5_1

Vi treng lopper:

Benytt sjansen og rydd kjellar og loft, i skuffer og skap, løde, garasje og buder. Vi er interesserte i alt mogleg som det kan tenkjast at andre vil overta, stort og smått for einkvar smak. Som døme kan vi nemne: bøker, LPplater, sportsutstyr, krusety, nips, mindre møblar, dukar , smykker, sengetøy, handarbeid, bilderamer, verktøy og redskap til hus og hage mm.

På siste loppemarknaden fekk vi mykje leiker og såg at det var svært populært. Det vi ikkje fekk selt ga vi til Ukrainahjelpa, dei kunne fortelje rørande historier om born som fekk si aller første leike.

Vi kan ikkje ta imot store møblar, kvite- og brunevarer eller kle og sko.

Innlevering:

På grunn av liten lagringskapasitet tek vi helst imot lopper siste veka, der vil vere folk tilstades på bedehuset kvar kveld i veke 39. Dersom nokon må kvitte seg med tinga tidlegare er det berre å ta kontakt så vert det ei råd.

Har du spørsmål eller kan bistå med praktisk hjelp under loppemarknaden kan du ta kontakt med

Ingvild tlf. 90631040

Haldis tlf. 90014323

Ann Helene tlf. 95054178

Har du lyst å bake kake eller hjelpe til i kafèen kan du ta kontakt med

Åshild tlf. 91845884

TAKK!

VI KJEM TILBAKE MED FLEIRE DETALJAR!

For styret i bedehuset

Ann Helene Urkegjerde