Den Store Rundturen har vore arrangert i Bjørkefjella kvart år sidan 2006, turen går i nytt terreng kvart år og mange kjem igjen år etter år for å vere med oss på tur. Det er svert gledeleg at også mange nye kjem til. Ei retteleg ʺstorfamilieʺ er me i fjellet denne dagen. Turen starta i roleg tempo opp den bratte råsa til Kårdalen med små stopp inn imellom, vidare langs Kårdalsvatnet med ei lang matpause innlagt før me forsetje opp på Tverbakken. Det er mykje snø i fjellet til denne årstida, på store delar av Kårdalsvatnet låg isen endå. Frå Tverbakken gjekk med syd-sydvest til Høgehornet 1319 moh som var det høgaste punktet på turen. Herifrå er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein representant frå Tussa var med oss, dei er ein av hovudsponsorane til Naturfestivalen. På toppen lodda dei ut gevinstar og fire heldige turdeltakarar vann kvar sitt handlaga sitjeunderlag i ull. Det leid på dag og det var endå nokre timar att før me var komne ned til Bjørke. Frå toppen gjekk me vestover langs fjellryggen over Tyssenuten og ned ʺTrallebaneråsaʺ til Åsen. Dei fleste av turdeltakarane hadde tinga seg middag på Bjørke Fjordtell etter turen, med god fantasi kunne me kjenne middagslukta stige opp gjennom bakkane. Det siste stykke ned til Bjørke gjekk raskt unda. Slitne og svert fornøgde turdeltakarar vart godt mottekne og visst til bords i teltet på Fjordtellet. Her vart det servert kjøtkaker med rikeleg tilbehør. Til dessert vart det servert riskrem med raud saus og eplekake med fløyte. Praten gjekk laust og det var ikkje fritt for at enkelte lurte på kvar turen gjekk neste år men det er sjølvsagt hemmelig til neste år.  Turleiarane Svein Otto Melheim, Hildegunn Mork og Jarle Myklebust takkar turdeltakarane for nok ein fantastisk og vellykka tur i Bjørkefjella og ynskjer alle tilbake på Den Store Rundturen i 2013.

 

P1040040

Den Store Rundturen har byrja

 

IMG_4998

Matpause under Tverbakken

 

IMG_5025

Turdeltakarane vandra på snø det siste stykke til toppen av Høgehornet

 

Tyssevatnet frå Høgehornet

Tyssevatnet frå Høgehornet

 

IMG_5064

Turdeltakarane på toppen av Høgehornet