Tvillingdåp i Hjørundfjord kyrkje.

Det ikkje på kvar gudsteneste det er dåp i Hjørundfjord kyrkje. Tvilling-dåp er sjeldan, men det hender. Tvillingane Jonas Molvær og Joakim Molvær vart døypte 17. juni. Far Lars Molvær hadde valgt systrene sine Eli Berit og Anne Karin til faddarar og mor til tvillingane, Jorunn Bjørdal hadde valgt sine systre Solgunn og Silje til faddarar. Dei fire faddarane tok på seg fadderansvaret for begge tvillingane. Ellinor Haugsbø Hauge vart også døypt denne dagen, men hadde det travelt, då familien skulle rekke ferga.

Juni 2012 035[2]

Bilde: Sokneprest Rolf Dyrhol, foreldra til tvillingane  Jorunn Bjørdal og Lars Molvær, vidare tante og faddarar  Anne Karin, Silje, Solgunn og Eli Berit.
Ellinor Haugsbø Hauge vart også døypt denne dagen, men hadde det travelt, då familien skulle rekke ferga og vart ikkje med på bilde.

Sommarope i Hjørundfjord kyrkje .

Siste åra har ein halde oppe kyrkja to kveldar i veka, slik at turistar og andre tilreisande kan få sjå inn. Tysdag og fredag mellom kl.18.00 -20.00 er kyrkja opa i tidsrommet 26 juni til 10. august, og då er der ein «kyrkjevert» til stades.

Har ein spørsmål, så svarer «kyrkjeverten» på dei så langt han kan. Soknerådet har nokre trufaste vener som hjelper til med å få dette til å gå rundt. Det er soknerådet takksame for.

Det var ikkje så mange som var innom sist sommar, men då var hotellet stengt. Vi håper derfor på meir besøk i år. Det er ikkje inngongspengar for å sjå inn i kyrkja.

E.T.