Det var meininga at dette skulle vere ein artikkel berre om Nilsbuda, men det får eg visst ikkje til i kveld. Det er vanskeleg å skrive om det eine utan å ta med det andre. Tilboda på Sæbø heng på ein måte i hop.

Og det merkar dei fort dei som kjem til Sæbø. Ein vil sjå seg omkring. Ein tur innom Bellingen for å kjøpe litt mat, eller ein is og litt drivstoff. Her finn du og post i butikk om du treng det. Treng du informasjon får du det her.

Høyre litt om kor det går med laksefisket borti elva. På Slettedal-butikken får du kjøpt både fiskeutstyr og fiskekort. Og vert det vanskeleg å reise frå Sæbø kan du bu på ein av campingplassane. 

Slentre seg ein tur bortom hotellet for å sjå om dei vert ferdige til opning i helga og det vert dei visst. Heile bygda gler seg over det. Endeleg kjem det liv i det flotte bygget ved fjorden igjen.

http://www.sagafjordhotel.no/hotellet

Sitte på kaia og berre ta inn over seg den flotte naturen.

Sveleutsikt

Kva du trur om ein kopp kaffi og ei svele frå Nilsbuda her? Utsikta er ubetaleleg, men du får den med på kjøpet.

Om du vil kan du til og med vakne til denne utsikta og kjøpe deg ei sein frokostsvele på Nilsbuda. Utleigeleilegheiter like over plassen:

 http://hjørundfjordbrygge.no/

Har ein god tid kan ein gå seg ein lang eller kort tur langs elverampa. Dugnadsarbeid har trylla fram ein grusa veg som vert flittig brukt.

VarmeEr du på sykkeltur og det er litt småkaldt eller vått, kan du stikke innom Nilsbuda og kjøpe med deg setetrekk i ull eller plast. Og dei har både sokkar og votter som kan varme ein frossen syklist. Handstrikka så klart.

Sommarlykke? Det er å liggje på stranda og tusle seg ein tur bort til Strands bakeri og kjøpe ferske Skulebollar eller Timper når ein vert svolten. Veit du ikkje kva ei Timpe er? Neivel, berre ein ting å gjere med det... men det nyttar ikkje å vente til like før dei stengjer, då er der tomt.

Har du gløymt badehandduken din? Det går bra.

Vinhøne

På Nilsbuda får du kjøpe små handdukar med motiv frå Hjørundfjord. Russaren, som på rein impuls nakenbada frå kaia for eit par veker sidan, fann nytte i ein slik suvenir. 

Oppom naustrekka ligg Kapteinskvia, friluftsområdet der grendalaget held på å setje opp ei grindløde - på dugnad. Det kan verte kaldt å sitje her utover kvelden, men om du tar turen innom Nilsbuda tidlegare på dag kan du kjøpe med deg eit flott pledd, eller ein skinnfell.

Babyteppe havskum

Nydeleg havskummønster og stort nok til å rekke rundt to par skuldre ei sommarnatt. Også kjekt å ha i ei stove når hausten og vinteren nærmar seg.

Denne helga er det bluesfestival på Trandal og mange hundre skal reise dit frå kaia på Sæbø.

http://trandalblues.com/

Om det blir lenge å vente på båtskyss kan du stikke innom Nilsbuda. Dei held ope ei god stund utover fredagskvelden.

Høne pøne

Mekko-høna gler seg til fredagen og trur helga vil by på mange gode opplevingar. Men ho trur det kan vere lurt å sikre seg noko varmt å sitje på når ein skal på slike friluftsarrangement. På Nilsbuda har dei tjukke, gode sitjeunderlag i ull. Dekorert med flotte Hjørundfjordfjell.

Varm sess

Vonaleg vert det fint og varmt i helga, men ein annan gong kan det vere kjekt å ha ein vott til å bere kald eller varm drikke i.

Ølvotter

Den tyske turisten som ferierer på Hustadneset har i alle fall forstått nytta av gode ullplagg.

Tysk turist

Hekla Kvikk-lunsj hue med fleecefor. Kjempegreier. Om vi kunne få ta eit bilete? Klart det! Mange!

I forrige veke var han innom for å kjøpe ei slik hue, men den var for lita. Ho som laga dei var på hurtigrutetur og sjølv skulle han vidare nordover. Dama på ferie vart oppringt, nye kunne leverast denne veka, turisten ville kome tilbake til den "utruleg vakre plassen" og i dag vart han ein svært lukkeleg eigar av ny hue. Kan hende vert han her i vinter?

Ved frå Hamna dagsenter

Nilsbuda sel gode varer frå Hamna dagsenter i Volda. Lys, tennbrikettar, golvtepper (ein bestselgar!) og nytt i år er sekkar med blandingsved. Om det vert ein kald vinter kan det vere lurt å ha skaffa seg litt ved allereie no.

http://www.morenytt.no/nyheiter/article2076136.ece

På Nilsbuda finn du og mykje anna kjekt. Kjeramikk, smykker, ullbilete, glaskunst, patchwork, barneklede, babyklede... 

Nilsbuda

og til og med nydelege dåpskjolar

Dåpskjole

Hue til gut til venstre og jentehue til høgre.

Gamleordføraren vår er ei kreativ sjel som har opna eige galleri med måleria sine. Store, flotte, fargerike måleri. Går du ut døra til Nilsbuda er det berre å ta nokre steg til sides og stikke inn døra som fører opp til Galleri Taklo. 

tstillingsvindu

Damene på Nilsbuda har laga utstillingsvindu mot fergekaia. "Rett rundt nova" tyder rett og slett at du finn dei rundt hjørnet.

Nilsbuda

Dugnadsgjengen på Nilsbuda.

Produkta i butikken er handarbeid og vert seld på kommisjon for produsentane. Ein triveleg stad som sterkt bidreg til å skape liv i Sæbø sentrum.

Fredag 6. juli vert det langope på Nilsbuda, alle andre dagar i juli (også søndag) held dei ope 11.00 - 16.00 - i alle fall.

Velkomen til Sæbø!