Nymotens framdriftsgreie eller ?

Det er mangt som kan falle ein i tankar når ein ser dette monsteret framfor seg:

 

Traktor med påhengsmotor

 

Har ferja motorproblem og treng ein skikkeleg traktordriven påhengsmotor for å kome seg over til Leknes?

Eller er det kokken på Union Øye som ventar storinnrykk og treng ein gigantisk mixmaster til å vispe kremen?

Når ein har vakse opp på ein gard med ein Gråtass som erstatta hesten, var det mangt og mykje som gjekk lettare då traktoren kom til gards. I dag har mekaniseringa i landbruket gått så langt at ein kan undrast.

Eg kan nok tenkje meg kva hjulvispen ovanfor skal brukast til, men orsak at eg tillet meg nokre digresjonar om dette monsteret i ferjekøen...