Primus motor for å ordne med bestilling osv. vart Bernt - Arve Hustad. Han arbeider til dagleg på Furene AS der dei blant anna produserer profilerte varer. Valet av produsent vart dermed naturleg. Så måtte vi velge logo. Furene AS hadde fleire forslag liggjande, vi valde èitt av forslaga og Lovise Mo som spelar trompet i korpset gjorde om på logoen i samarbeid med Bernt-Arve, og resultatet er lett å sjå kva det skal vere? Nemleg det kjende motivet frå Hjørundfjorden mot Norangsfjorden med Stålberghornet og Slogen. Stileg eller kva? :)

logo gensar

Logo på gensar. (Foto: Kari Stokke)

038

Same logo på jakke, t-skjorte og gensar.  (Foto: Kari Stokke)

Vi vart kjempefornøgde med resultatet, og takkar Furene AS for at dei har gjort så flott arbeid! Vi vil anbefale dei på det sterkaste til andre! 

Vi rettar ei stor takk til Sparebank 1 som valde å sponse oss i dette prosjektet, og vi gledar oss til å bruke produkta på framføringar i framtida!

speling på heimen

Korpset i full sving. (Foto: Kari Stokke)

Her har vi dei på oss for fyrste gong på minikonsert på Hjørundfjordheimen 10. Juni. Lisabel Hustad Øvrelid, Birgit Hustad og Ole Arne Aklestad kunne dessverre ikkje vere med denne dagen. I tillegg har korpset to aspirantar; Tor Eivind Follestad og Thea Karin Flatnes. 

Har du lyst til å byrje å spele saman med oss i korpset ynskjer vi deg hjarteleg velkomen! Vi ynskjer oss fleire medlemmar, og vil anbefale alle å spele i korps! Vi minner igjen om dei som tek til på kulturskulen får dekt fyrste året dersom ein fullfører. Dersom du ikkje ynskjer å gå på kulturskulen, men ynskjer opplæring kan det ordnast gjennom korpset. 

Det ventar fleire kjekke speleoppdrag for korpset denne hausten. Blant anna har korpset fått invitasjon frå korpsmusikantane på Vartdalstranda om å vere med på gehørseminar med Brazz Brothers i Barstadvika 01. September. Utover hausten vert det fleire små speleoppdrag, i tillegg til korpset sin eigenarrangerte julemarknad. 

Hiv deg rundt og bli med då vel! :) Vi vil ta godt i mot deg! Vi startar med øvingar igjen i månadskiftet August/September. Velkomen til oss :)

                               trompet