For dei fleste laga var det nokre gjestespelarar å sjå i stallen, og med mange lokaloppgjer gjennom turneringa er det stor prestisje å stå igjen som vinnar. Sjølv med litt dårlege vêrmeldingar gjekk turneringa av stabelen i flott fotballvêr, og dei frammøtte fekk sjå både briljante prestasjonar og fatale feilpasningar. Kai Henning Leira skåra kanskje årets mål på Sæbø stadion då han på heil volley skåra frå midtbana i kampen mellom Åmdal og Vartdal laurdag.

Med eit lag mindre enn normalt vart det spelt dobbel serie, med seks kampar for kvart lag. Litt feriemodus og mange kampar, førte varierande kvalitet på spelet, men alle laga glimta til med flott fotball i periodar.

 Avgjort i siste runde
Etter første dag av Sæbø Cup hadde heimelaget sanka mest poeng med to sigrar og eit tap. To poeng bak låg Åmdal og Vartdal med ein siger, eit tap og ein uavgjort kamp kvar. Hovdebygda låg sist med tre poeng etter ein siger og to tap.

Kven som skulle gå av med sigeren vart ikkje avgjort før nest siste kamp. Åmdal og Sæbø tok begge fire poeng på sine to første kampar søndag, og sidan Åmdal hadde litt betre målforskjell måtte Sæbø vinne siste kampen mot Hovdebygda for å vere sikre på turneringssiger. Eit mål av Jakob Hauge Moe var nok til å sikre seg tre poeng, og dermed vann Sæbø turneringa for første gang på 13 år.

– God turnering av Sæbø
– Det var veldig kjekt å vinne, og vi hadde ei god turnering. Vi stilte også eit lag med omtrent berre Sæbø-gutar sjølv om nokon bur vekke som Bjørnar Holen, Marius Riise og Terje Holen, seier Yngve Frøland.

Det vert Sæbø Cup også til neste år, men kanskje med nokre endringar.

– Til neste år lurer på å gjere litt meir ut av det. Vi har snakka med dei andre laga, og tenkjer å få til meir opplegg rundt cupen. Kanskje betaler vi litt å få inn dommarar, og då får kanskje cupen litt meir status, seier Frøland.