"Tidefjord"

0001_Tidefjell_603288130

 ”Tidefjord” har skifta namn til ”Norangsfjord.”

Torsdag i denne veka vart tidlegare ”Tidefjord” omdøypt til ”Norangsfjord” og det var stor stas på Storfjorden då ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol, ønskte den etterlengta storferja velkomen. Representanten for Fjord1 kunne opplyse at namnet m.a. er valt fordi det har fjord i seg og at det var nettopp på Norangsfjorden den første turistferjeruta i fylket vårt såg dagens lys eksakt 75 år tidlegare.

cimg0405

Namneskiltet

Ferja er bygt ved Fiskerstrand Verft og vart overlevert 19. des. 2010. Det er plass til nær 130 bilar og dette aukar kapasiteten på strekninga mykje. Ferja har enno ikkje fått reiarlaget sine fargar med blått skrog og nytt skorsteinsmerke. Og ”sitronhatten” skal sjølvsagt bort ved første høve. Men det nye namnet er på plass – eit resultat av ein intern namnekonkurranse.

Vi er glade for at Storfjorden vert kryssa mange gonger kvar deg av ferjene ”Norangsfjord” og ”Hjørundfjord”. I samband med marknadføring vert dette omtala som merkevarebygging og det skal feste seg i minnet for brukarane.

Ferjehistorie

Det knyter seg eit stykke ferjehistorie i samband med denne hendinga på Storfjorden sidan det var på dagen 75 år etter at ”Framstig” vart sett inn på turistferjeruta Øye – Sæbø, den første i sitt slag i fylket. ”Framstig” hadde plass til inntil fire bilar tverrskips. Når bilane skulle ombord eller på land, vart det lagt ned sliskar frå dekket til kaia.

”Framstig” gjekk i denne sommarruta både i 1937 og 1947 og -48. Dei to siste år mellom Urke og Sæbø då vegen mellom Øye og Urke var ferdig i 1947.

Historia fortel at ”Framsteg” vart bygt i Risør i 1914 med lengde 57,7 fot som fiske- og føringsbåt. I 1920 vart ho seld til Ørsta Dampskipslag AS og vart sett inn i rute mellom Ørsta og Ålesund. Då fekk ho salong og styrehus. Etter eitt år vart ho seld til MRF og brukt som mjølke-og passasjerbåt på Sunnmøre i over 40 år. Ho var og brukt som bilferje ved at masta vart nedrigga og dekket forbetra.

framstig_mrf_buch

 ”Framstig” som rutebåt og ferje på fjorden.

”Kaulå”

I tidsromet då ”Framstig” gjekk som fjordabåt på Sunnmøre, gjekk ho under namnet ”Kaulå”. Kaule er eit sunnmørsord som fortel at folk er oppøste, men mykje aktivitet. Ofte var dei i tottane på kvarandre. Eit diskusjonsmøte om båten si framtid, då ho vart seld frå Ørsta, skal ha gitt opphavet til klengenamnet.

”Framstig” skal i dag finnast på Averøya etter å ha blitt brukt til m.a. ei jordomsegling 1979 – 81 av Kåre Flem og Ove Nils Alvestad. Dei brukte to år på restaurering og rigge henne med galeasrigg.

526px-Framstig

"Framstig" med galeasrigg