Trivsel-kveld på Urke

Vignetten

Dette fotoet frå Skarane har vore vignettbilete i alle dei seks arrangementa.

(Foto: John F. Urke)

For sjette år på rad blir det sommarfest på Urke Grendahus første helga i august i Grendalaget sin regi. I år fell dagen på laurdag, 4. august. Arrangementa har hatt ulike namn som Heimkomehelg, Urke-Helg og Kultur-kveld og i år altså Trivsel-kveld.  Eit ikkje for tettpakka program gjennom kvelden gir rom for den gode praten og trimming av dansefoten. Plakaten varslar at ”vi sjølve”, dvs. deltakarane, vert viktige aktørar denne gongen.

DSC_4932 - Kopi

Frå v: Arvid Stennes, Hallvard Urke og Hallstein Stennes sytte for musikkinnslag i fjor og får ein breiare plass i år. Dessutan skal Kjell Arne Myklebust syte for rytmen med sin gitar. (Foto: John Stennes)

Men vi skal likevel ha song og historiske tilbakeblikk gjennom nostalgiske lysbilete frå Urkebygda, opplyser leiar i Grendalaget, Kjellfrid Prestegarden. Brødrene Hallstein og Arvid Stennes, saman med Hallvard Urke og Kjell Arne Myklebust får ein brei plass ved sine musikalske bidrag. Torbjørn Urke har leita  fram dei 50 år gamle Urkebilete etter onkelen, John F. Urke.

DSC_4943

Torbjørn Urke har leita fram nokre nostalgiske lysbilete frå Urke

(Foto: John Stennes)

Rjomegraut og spekemat, pølse m/brød, kaffi og kaker vert å få kjøpt. Ei utlodding erstattar inngangspengar og Kjellfrid Prestegarden føler seg trygg på at grendahuset skal bli fullt, sjølv etter at festsalen og kjøkkenet har blitt utvida. Ho legg vekt på at alle skal få ei triveleg helg og vonar at godveret vil leite seg opp.

I år skal ikkje programleiaren få lov å avslutte arrangementet når siste post på programmet er avslutta!