Sol nærast frå skyfri himmel er kanskje ikkje det beste vêret for å fiske laks i Bondalselva, men vassføringa var stor og godt - og Kjell Magne Pedersen hadde god tru og kjøpte seg eit fiskekort - det angra han nok ikkje på...

Først ein tur litt lenger framme i elva -  ikkje noko å kjenner.  Så ein tur nedom Hustadbrua - pang, der sat laksen på den sjølvlaga fluga.  Kampen mellom fiskar og laks varde vel eit kvarters tid, men så hamna laksen i håven til kleppar Wolfgang Lemke frå Tyskland.  Både kleppar og fiskar må nok få karakteren Sehr gut.  Sjå foto under.

SommarSæbø 005 copySommarSæbø 006 copy
Først ein fiskar med ein laks på flugestanga - så kom ein populær mann til når ein har laks på kroken, klepparen.

SommarSæbø 009 copy
Først eit "prøvehåv", men Wolfgang må slå fast at laksen ikkje er samarbeidsvillig - han er enno for sprek.

Så går det nokre minutt til. Fiskar Kjell Magne har gjort dette før.  Laksen får seg ei runde fram mot brua, så ned att igjen.  Wolfgang er på nytt klar.

SommarSæbø 015 copy
Nokre minutt til har gått.  No er vel laksen klar for håven?

SommarSæbø 017 copy SommarSæbø 018 copy
Laksen gjev seg ikkje utan kamp her heller, men no er Wolfgang Lemke raskare.  Laksen må gje tapt.

SommarSæbø 019 copy
Alle desse har fått laks før, men det er like kjekt å sjå kvar gong ein ny laks vert landa.  Her ser vi frå venstre Wolfgang Lemke, Otto Rødseth(kvit lugg), Bjørn Hovden(hendene i lommene) og fiskaren  Kjell Magne Pedersen.  Den femte herren er ukjend.

SommarSæbø 025 copy (2)
Eit flott eksemplar av denne flotte arten.  Kjell Magne Pedersen er svært godt nøgd - og vedgår også at han fekk litt skjelv.

SommarSæbø 026 copy
Vekta syner akkurat 6,0 kg, men er ho ikkje eit par hekto feil??? Mål og vekt vert i alle fall notert i boka.