GRATULERER MED 90 ÅRS DAGEN 

 ANDREAS HUSTAD .

052

Her startar ferda.

Ein fin og lett ettermiddags eller kveldstur med flott utsikt over fjella og bygda.

002

Andreas har laga skilt, som fortel om stadnamn og hendingar langs råsa.

003

I vinter har Andreas hatt mykje arbeid med å pusse opp att alle skilta.

005

Her er vi komne opp til skogsvegen og

 finn der eit skilt som fortel om ei tragisk hending. 

008

Huldregrova kjem ifrå Rauderemsgjylet, kven hadde visst det om

 ikkje Andreas hadde sett opp desse skilta?

010

Skiltet viser veg til ein gløymd og løynd støyl.

012

Hotell Sagafjord fekk etter ein lang og omstendeleg prosess skjenkeløyve i 1986,

Andreas ordna skjenkerett til Olavsdalen i ein fei!

023

Eit stykkje lenger opp i råsa finn vi eit godt fungerande kraftverk,

ingen har, så vidt vi veit, målt antal "terrawatt timar".

 

016

"Vaktmesterassistentane" Bodil og Bernt Arve

sto for årets renovering.

021

Vedlikehald må til.

106

Naturen lagar portalen og Andreas lagar skiltet.

028

Tid for ei kvild, på den bratte vegen opp.

027

Haldis og Bernt Arve tek pause på Lisjesetra.

Fin kvilebenk laga av Henrik.

032

Vel oppkomne kan vi velje mellom: utsikten, hellaren steinhytte eller elva.

Det flotte tilvisingskiltet viser veg.

036

Klargjering og rydding i hellaren må til, golvteppa

 har fått seg ein god vask i elva og vert turka på steinane.

Haldis har teke over pliktene til huldra.

Olavshola2010 naturfestivalen 031

Mykje folk samla til grilling kring bålet utanfor hellaren.

 

 

105

Kari sit og kosar seg utanfor hellaren til Andreas.

Døra er alltid opa, du må gjerne gå inn å skrive ei helsing i gjesteboka.

Helsingane gleder Andreas gjennom  heile vinteren.

Naturfestivalen09 087

Stemningsbilde frå Hellaren, om vêret ikkje er på det beste, kan du kveikje lys, lese i bøkene og kose  deg under tak .

Andreas sat ofte her å venta på huldra, men ho kom vist aldri.

034

Dei flottaste panoramabilda over Sæbø og fjorden tek du frå "Utsikta".

 

Så endå ein gong, takk til Andreas og gratulerer med jubileet.

Ei helsing frå Trimgruppa i Sæbø idrettslag, og alle andre turglade.

 

PS: Ved å klikke på stikkordet (Andreas Hustad) nederst på denne sida, vil du kunne lese dei artiklane som er skrevne om Andreas.