GRATULERER MED 90 ÅRS DAGEN
ANDREAS HUSTAD .
Her startar ferda.
Ein fin og lett ettermiddags eller kveldstur med flott utsikt over fjella og bygda.
Andreas har laga skilt, som fortel om stadnamn og hendingar langs råsa.
I vinter har Andreas hatt mykje arbeid med å pusse opp att alle skilta.
Her er vi komne opp til skogsvegen og
finn der eit skilt som fortel om ei tragisk hending.
Huldregrova kjem ifrå Rauderemsgjylet, kven hadde visst det om
ikkje Andreas hadde sett opp desse skilta?
Skiltet viser veg til ein gløymd og løynd støyl.
Hotell Sagafjord fekk etter ein lang og omstendeleg prosess skjenkeløyve i 1986,
Andreas ordna skjenkerett til Olavsdalen i ein fei!
Eit stykkje lenger opp i råsa finn vi eit godt fungerande kraftverk,
ingen har, så vidt vi veit, målt antal "terrawatt timar".
"Vaktmesterassistentane" Bodil og Bernt Arve
sto for årets renovering.
Vedlikehald må til.
Naturen lagar portalen og Andreas lagar skiltet.
Tid for ei kvild, på den bratte vegen opp.
Haldis og Bernt Arve tek pause på Lisjesetra.
Fin kvilebenk laga av Henrik.
Vel oppkomne kan vi velje mellom: utsikten, hellaren steinhytte eller elva.
Det flotte tilvisingskiltet viser veg.
Klargjering og rydding i hellaren må til, golvteppa
har fått seg ein god vask i elva og vert turka på steinane.
Haldis har teke over pliktene til huldra.
Mykje folk samla til grilling kring bålet utanfor hellaren.
Kari sit og kosar seg utanfor hellaren til Andreas.
Døra er alltid opa, du må gjerne gå inn å skrive ei helsing i gjesteboka.
Helsingane gleder Andreas gjennom heile vinteren.
Stemningsbilde frå Hellaren, om vêret ikkje er på det beste, kan du kveikje lys, lese i bøkene og kose deg under tak .
Andreas sat ofte her å venta på huldra, men ho kom vist aldri.
Dei flottaste panoramabilda over Sæbø og fjorden tek du frå "Utsikta".
Så endå ein gong, takk til Andreas og gratulerer med jubileet.
Ei helsing frå Trimgruppa i Sæbø idrettslag, og alle andre turglade.
PS: Ved å klikke på stikkordet (Andreas Hustad) nederst på denne sida, vil du kunne lese dei artiklane som er skrevne om Andreas.
Kommentarar
Gratulere Andreas med overstått. Det er alltid like interessant og kjekt å ta ein prat med deg.
Med beste helsing Ivar Svein Mo