Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 001

Kl 04 30 på Heimsteholen.  Klikk på bileta så får du full størrelse.

Det var berre ein grunn til å starte så tidleg. Eg ville ha bilete i motlys som spegla seg i fjorden.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 005

Holeelva er ofte ei utfordring, men så tidleg på dag er det enklare.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 006

Morgonsola treff Bondalen i halv seks tida.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 013

Hilde og Magne. Ein er meir utslegen av morgonlyset enn av tunge bører.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 019

Til slutt kjem eldstemann. Det går mykje tyngre en før, men verdt kvart eit steg!

Det er sjeldan eg finn meg sjølv i eige fotoapparat, men Hilde kan dette med å vere bak kamera.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 025

Snøen nærmar seg, men me går litt til før det er på med ski. Nydeleg temperatur!

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 030

Hilde Ranheim er hard å gå, men har lova at ho ikkje skal sprengje meg. Ho held det ho lovar. Frå venstre: Storehornet, Skårasalen bak, Dukhornet og Klovtinden.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 031

Stadig må eg snu meg for å ta bilete. Det er alltid eit som vert finare enn dei andre.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 032

Kontrastane på sommarskiturane er fantastiske! Klokka er 7 30.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 038

Dei unge peiser på. Renna me skal gå mot toppen har kome til syne. Det ser ikkje bratt ut, men biletet lyg.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 045

Morgonsola sender etterkvart refleksar frå fjorden. Akkurat som eg håpa.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 048

Det har vorte så bratt at Magne og eg set att skiene, men Hilde vil prøve å renne heilt frå toppskavlen.

.Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 050

I høgre biletkant ser ein kor bratt renna er.  kl. er 8 40.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 051

Her er det bratt, men me kom oss rundt skavlen til venstre. Det var eit stygt hol langs fjellet, men me hjelpte kvarandre og det var bra steg i snøen. Det var verre å kome seg opp her i påska. Då var me ikkje så trygge på at skavlen var stabil.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 053

Hilde finn ei sprekke under skavlen til skilagring.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 059

Løn for å stå tidleg opp.

Hilde Ranheim vaglar seg på Grøttdalstinden

Hilde med klypesko testar høgdeskrekken. Ser ho ikkje roleg ut?

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 066

Eg lova dei eg gjekk i lag med i påska at det var siste turen med ski til Grøttdalstinden frå Holedalen, men her er eg att---.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 075

Hilde på veg ned renna. Eg var glad eg ikkje var i hennar ski. Då trur eg at doktor Sjur måtta fram med lappesakene sine.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 087

Her er ho endeleg i folkeleg terreng. Det er berre å gi på.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 088

For eit føre! Aldri er snøen meir stabil enn på denne tida. Skiene lyder sjølv gammalt folk!

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 092

Gjennom kreklingen til neste snøtunge.

Skitur til Grøttdalstind 3. juli 2012 096

Så er snøen oppbrukt. Ski og klypesko på sekken att.

Tidleg sommarmorgon på Grøttdalstinden

Bilete er teke kl 9 15.


Tidlaus undring

Alt dette er resultat av eit stort smell

ein gong for milliardar av år sidan.

Vulkanar og gravitasjon har gjort resten.

Bonden har pynta litt i dalbotnen gjennom generasjonar.

Men kan rein slump gjere det så fint å sjå på?

Eller var det ein som kveikte lunta?