Kl 04 30 på Heimsteholen. Klikk på bileta så får du full størrelse.
Det var berre ein grunn til å starte så tidleg. Eg ville ha bilete i motlys som spegla seg i fjorden.
Holeelva er ofte ei utfordring, men så tidleg på dag er det enklare.
Morgonsola treff Bondalen i halv seks tida.
Hilde og Magne. Ein er meir utslegen av morgonlyset enn av tunge bører.
Til slutt kjem eldstemann. Det går mykje tyngre en før, men verdt kvart eit steg!
Det er sjeldan eg finn meg sjølv i eige fotoapparat, men Hilde kan dette med å vere bak kamera.
Snøen nærmar seg, men me går litt til før det er på med ski. Nydeleg temperatur!
Hilde Ranheim er hard å gå, men har lova at ho ikkje skal sprengje meg. Ho held det ho lovar. Frå venstre: Storehornet, Skårasalen bak, Dukhornet og Klovtinden.
Stadig må eg snu meg for å ta bilete. Det er alltid eit som vert finare enn dei andre.
Kontrastane på sommarskiturane er fantastiske! Klokka er 7 30.
Dei unge peiser på. Renna me skal gå mot toppen har kome til syne. Det ser ikkje bratt ut, men biletet lyg.
Morgonsola sender etterkvart refleksar frå fjorden. Akkurat som eg håpa.
Det har vorte så bratt at Magne og eg set att skiene, men Hilde vil prøve å renne heilt frå toppskavlen.
I høgre biletkant ser ein kor bratt renna er. kl. er 8 40.
Her er det bratt, men me kom oss rundt skavlen til venstre. Det var eit stygt hol langs fjellet, men me hjelpte kvarandre og det var bra steg i snøen. Det var verre å kome seg opp her i påska. Då var me ikkje så trygge på at skavlen var stabil.
Hilde finn ei sprekke under skavlen til skilagring.
Løn for å stå tidleg opp.
Hilde med klypesko testar høgdeskrekken. Ser ho ikkje roleg ut?
Eg lova dei eg gjekk i lag med i påska at det var siste turen med ski til Grøttdalstinden frå Holedalen, men her er eg att---.
Hilde på veg ned renna. Eg var glad eg ikkje var i hennar ski. Då trur eg at doktor Sjur måtta fram med lappesakene sine.
Her er ho endeleg i folkeleg terreng. Det er berre å gi på.
For eit føre! Aldri er snøen meir stabil enn på denne tida. Skiene lyder sjølv gammalt folk!
Gjennom kreklingen til neste snøtunge.
Så er snøen oppbrukt. Ski og klypesko på sekken att.
Bilete er teke kl 9 15.
Tidlaus undring
Alt dette er resultat av eit stort smell
ein gong for milliardar av år sidan.
Vulkanar og gravitasjon har gjort resten.
Bonden har pynta litt i dalbotnen gjennom generasjonar.
Men kan rein slump gjere det så fint å sjå på?
Eller var det ein som kveikte lunta?
Kommentarar
Kunne vi få litt klokkeslett på desse flotte bilda med lyset frå aust?
Det e det same frå Skårasala også. Men de e besynderle at Bondalen og Sæbø ikkje e synle derifrå. Men ta dokke enj tur på Soksa så skal de få sjå kor fint det e vestover.
Og så har e lyst til å minne dej Knut om at det e fyst å fremst istidene som både he grave ut fjorden, heilt ne på 441 meter, og flytta massene ut om øyane slik at dei kan fiske det dei vil ute på nådegåvene inna frå fjora.