Klokkura og Tryvatna som ein del av
Naturfestivalen.
Fellesbilde frå Stokkesetra: Sveinung, Bodil, Jonny, Arne Johan, Torill, Unni, Anne Helene, Alva , Bernt Arve, Trine, Kay Are, Rigmor, Frøydis, Andrea, Monika, Alvhild, Ingalena, Haldis, Anette, Kari, Svein, Kirsti, Arild, Anny, Norunn, Inger, Anne Berit, Eli, Rune, Kanutte, Synnøve, Gunnar, Lars Kjell og Kåre.
Vi møttast på parkeringplassen ved enden av vegen.
Det var ein bra flokk som gjekk mot Klokkura i Frølandsdalen.
På lang rekke i den velbrukte råsa, gjekk vi så samla som råd.
Ei lita pustepause i bakken medan vi fortalde litt om han "Jase- pit".
Dei som ville kunne få sjå ei av follene som står under ein stein.
Andrea er så snerten ho fekk plass under steinen.
Mange av dei vaksne i flokken hadde ikkje høyrt om han "Jase-Pit", medan andre hadde andre tilnamn på denne dyktige jegeren,"Røve-per".
På Stokkesetra måtte vi ha ei lita pause, skrive oss i boka og litt drikke må nok til i varmen.
Flottare panorama mot fjorden, må ein leite ei stund etter,
omkransa av flotte fjell, lett tilgjenge og med mange trivelege folk.
Så rusla vi vidare mot Klokkura, ei laaang rekke nedetter råsa.
Ei lita drikkepause medan vi samlar flokken.
Andrea og Ingalena spring lett i fjellet, dei har mykje energi.
Torill, Unni, Kirsti og Kari.
Arne Johan, Alvhild og Lars Kjell.
Frøydis og Ingalena.
Kanutte og Bernt Arve.
Trine med Nanuq i band, Kay Are med Alva på ryggen, og Bestemor Ann Helene.
Ann Helene og Alva, no vil ho helder berast enn sitte i meisa ja.
Jonny og Monika.
Ein av mange olivinsteinar som ligg i området, dei som ligg ved råsa er full av namnetrekk frå turgåarar som har vore her tidlegare.
No er Klokkura like ved, dei fremste er allereide på plass.
Skal sei det vart folksamt rundt hytta.
Mange steinar å sitte på. lunt og varmt var det, så no vart det ei god pause.
Svein prøver den fristande drukkjen som renn like attmed hytta.
Ann Helene stiller opp som modell på det svært så luftige dasset som ligg attmed.
Haldis og Arne Johan har funne ein god sess.
Anette fekk ein heil stein for seg sjølv.
Norunn var begeistra for denne flotte staden, Nanuq likte seg godt på tur.
Dei fleste av oss rusla vidare mot Tryvatna, folk i rekkje så langt du kan sjå.
Oppe ved vatna var det tid for ein kvild att.
Ein god del snøv i høgda.
Andrea måtte vasse litt.
Litt kaldt var det, men kjempekjekt, Monika let vel ho og.
Samlingsbilde på steingarden som er den gamle komunegrensa mellom Ørsta og Hjørundfjord.
Haldis, Kåre , Anette, Rune, Kirsti, Torill, Kari, Svein, Kanutte, Lars Kjell, Arild, Unni,
Anne Berit, Gunnar, Alvhild, Synnøve, Eli, Arne Johan, Sveinung, Andrea, Ann Helene, Jonny, Monika, Bodil, Anny og Inger.
Ja, ja vi må vel rusle heimatt i dag også.
Fantastisk tur i flott terreng, varmt og godt.
Godt med ei hjelpande hand over dei stridaste elvene, steinane er glatte.
Tusen takk for ein triveleg tur til alle dokke som var med, frå oss to "turvertane"
Bodil og Haldis.
Vel møtt til familieturen til Stokkesetra på fredag kl 1400.
Neste måndagstur vert på Tua på Sæbøneset, der er nyrydda og klart for tur.
Kommentarar