Valsetheida frå Tvergrova.

På ingressbildet ser du mot Sæbø:

Bodil, Bente, Tore, Janneche, Petra, Kari, Norunn, Marit, Unni og Bernt Arve. 

001

Vi starta med å klivre over gjerdet og under piggtråden, for kyrne sto ved ledet og ville gå i lag med oss.

003

 Kyrne kom etter, heldigvis hadde vi ei "trauste" budeie med oss,

 Marit har kontrollen over kyrne.

004

Gjennom granskogen gjekk det fort, vi hadde godt tempo.

005

Vi kjempa for å halde fylje med Bernt Arve, han er "haren" vår.

006

Fyrste kryssing av Tvergrova, no vert det lauvskog å gå i ei stund.

007

Ikkje noke å sei på merkinga av råsa her nei.

008

Vi gjekk oss på ein gammal "stubbe-gubbe" som sat lett tilbakelent å observerte oss.

009

Helder ikkje her er det tvil om retninga vi skal gå, Unni leder an.

010

Her er det brattaste partiet, nesten rett opp.

012

Andre kryssinga av Tvergrova, godt med friskt vatn.

Bak skimtar vi i setremurane.

014

Her er det flott å stoppe, rikeleg med drikke, flott utsikt og godt med ein pust i bakken.

013

Elva frå oven ned mot gardane,

 ser du opp frå vegen anar du kor bratt dette stykkjet er.

015

No er vi oppe over tregrensa, her er det eit mykje betre turterreng.

De tre bukkene bruse!

016

Litt snøv nokre stadar, men nokså tørt i lyngen.

Bak ser du innover Sledalen.

017

Marit fann ein frosk å kysse.

Frosken heldt seg for augene og let det stå til, så no ventar vi på prinsen!

018

For ein utsikt!

Dette er ein tur som ALLE må få med seg.

019

Pause ved hytta hass Ola, her heng boksa med boka i.

022

Tore og "budeia" Petra.

024

Storevatnet går nesten over i himmelen, flott utsikt både mot Ørsta og Volda.

026

So går ferda nedover Nakkeløypa, startbuda i himmelsjå.

028

Nede ved attelega med alle rundballane på, held Statnett på med bygging av 420kw linja og trafostasjonen.

Her ser det nok annaleis ut om ett års tid vil ej tru.

029

Utsikt mot Ørsta, Melshornet i midten og Volda bak.

Janneche, Petra, Marit, Unni, Bente, Norunn, Kari og Tore.

Haren hadde vi myst.

031

Råsa slyngar seg nedetter det brattaste partiet på Nakkeløypa.

032

Nesten inne ved nedre heisstasjonen, vidare gjekk vi Gamlevegen tilbake til Tvergrova.

Vi var alle einige om at det hadde vore ein fantastisk tur.

TAKK FOR FYLJET!

Neste måndag er det Vasstøylen og Kvamsedalsreset.

VEL MØTT!