Sjølv om hytta vår ligg like inn til Kapteinskvia, samlings-staden ,  serleg for ungdomen, så har me aldri hatt grunn til å klaga på noko, at det kan vera litt høgt lydnivå der ungdom samlast er vel naturleg og har alltid vore og vil bli slik.

Men i år hende det noko ekstra hyggeleg, med nokre av oss i familien sat samla på hytta, så fekk me uventa besøk av lokale ungdomar som gjorde til at kvelden vart ekstra minneverdig, på ein slik positiv og humørfylt måte at Svein Årseth, songaren,  sa etterpå at noko slikt kunne aldri ha skjedd på austlandet og han rosa desse ungdomane opp i skyene, og min eldre bror storekosa seg med å endeleg få eit lydhøyrt publikum til å høyre om gamle bravadar og fall på Patchellstafetten, då bestefar- generasjonen var aktiv.

Me undra oss storleg over at desse ungdomane ville ofra tid på ein festkveld ved å gje seg til hjå ein flokk gamlingar, men kanskje fekk eg noko av svaret


På tampen av kvelden ( natta )

Som ein sa det, omtrent slik: “ Eg ser for meg Sæbø som ein fredeleg og triveleg stad, men når me skal hyggje oss litt , som på ein slik kveld, så kjem det utanbygds ungdom langt burt i frå, som ute på øyane og dei kjem oftast berre for å lage kvalme og bråk og øydeleggje for oss , det er ganske trist “.

 IMGP2832_1_1

Sandvika på Sæbø med Kapteinskvia rett ovanfor badestranda. foto ISMo 1.5.2012

Eg veit at dei som arbeider i nemnder er overarbeidde som dei er og gjer sitt beste dag og natt, men kunne det kanskje vera ein tanke å få til ein ide-dugnad med ungdomane og sjå på om noko kunne gjerast for å gjera, den korte ungdomstida deira i Bondalen, til ei tid dei ser attende på med spesiell glede.

I mi svert korte ungdomstid der oppe, veit eg at eg sakna tilbod på helg og kveldstid, så var eg så heldig at eg fekk ungdomstida mi i Oslo der eg kom med i eit rikt dansemiljø der fyll var unaturleg og fråverande.

Då eg kom til Valdres vart eg forundra over å sjå at tre generasjonar kunne vera på dansegolvet samstundes og presten dansa med konfirmantane, slikt kan ein enno oppleve her.

Ut av dette rike musikk og dansemiljøet  med ein frodig underskog, har  det sprunge ut talent som hevdar seg i inn og utland, men dette er ikkje det viktigaste for meg, for meg er det viktigaste at ungdomen kan få tilbod om  eit alternativt miljø til å berre henge rundt eit bål med ei ølboks i handa og høyre på bøllar som burar og gjer kvalme.

Eit triveleg og inkluderande miljø kunne byggjast opp over tid, som  med danseundervising over ein breid lest, nytt og gamalt, og eit utegolv og skjerma område på Kapteinskvia der bermen  utanfrå vert halden ute.

Eit triveleg  ungdomsmiljø miljø er svert god marknadsføring for ein stad og fremjar turisme og bu-lyst.

Å kunne eit minimum av dans er nyttig i  mange samanhengar og  svert kontaktskapande, det har eg sjølv erfart i  inn og utland .

Eg hadde ikkje i fleire år på rad fått bli med cowboyane på prærien å drive kveg om eg ikkje hadde vore med dei på dansegolvet fyrst og det er eit døme av mange andre.

Dette var ein tanke, andre har kanskje andre som er betre, ungdomane sjølve veit truleg kva miljø dei ynskjer seg ei fin sumarnatt, at dei er misnøgde med tilstandane slik dei  er, det  fekk me eit  lite innblikk i.

Til dei trivelege  unge, takk og velkomne innom att.

 

Sigmund