Grøthaugen 494 m.o.h.

Bodil, Janneche, Jonny, Jørn, Ann Helene, Monica, Kanutte og Tore,

 omkrinsar den flotte varden som står på toppen av Grøthaugen. 

020

Tradisjone tru, møttest vi på Moane, og fyrste bildet tok vi ved den gamle kylnå som står ved starten av bakkane.

021

Fyrste biten oppover går på lett sti i kanten av granskogen.

022

Lett klyving over eit gjerde er neste utfordring, men ingen hang att, alt vel.

024

Nedste del av råsa var ikkje like lett å finne heile vegen, der ligg endel velta tred over råsa, og hjorten finn andre vegar så råsa vert litt forandra.

Når vi kom litt høgare opp vart det betre.

026

Inni granskogen var det greit og gå, men litt mørkt til å ta bilde.

027

Etterkvart som vi kjem høgare opp langs ryggen vert utsikta betre og betre.

028

Jonny ser heim til Flatneset.

030

Brattare og brattare vart det.

032

Og våtare og våtare vart vi, men humøret var på topp likevel.

033

No er det like før vi kjem til toppen.

035

Brått flaug ein fugl opp frå eit reir like ved råsa, trur det kunne vere ein rypeart.

Nokon som kan hjelpe oss med kva slags egg dette er? Heile åtte i talet.

036

Endeleg oppe, no smaka det godt med litt snacks og drikke.

038

Fellesbildet !

Skodda var litt grei med oss så vi fekk nyte litt av utsikta, men vi håpe på flott vêr neste gong.

025

På vegen nedatt fekk vi studere nermare korleis fonna har herja med skogen i gjølet, mykje god ved ligg klar til henting.

Vi kom nedatt i god behold, våte til skinnet, men godt nøgde med ein fin tur.

Neste måndag er det Tua på Hustadneset.

VEL MØTT!