Hjørundfjord Barnekor stiller opp og vert med i prosesjon, i forbøna og sjølvsagt med song. Og då veit vi at vi kan gle oss.

barnekoret

Og dei som i 1962 var konfirmerte i Hjørundfjord, dei set kvarandre stemne denne søndagen for å markere 50-årsjubileum for den høgtida.

Dette markerer vi sjølvsagt på ein enkel måte under gudstenesta.

Med dette ønskjer vi i Hjørundfjorden alle velkomne til å feire gudsteneste hos oss.

Og resten av dagen er det mykje å vere med på og mat å få kjøpt.

                                                                  Rolf Dyrhol