Tua på Hustadneset.

Det bles friskt då vi sto nede i havna, så vi undra på om det vart kaldt oppi høgda,

og kor mykje kle vi trengte.

048

På tunet på Hustadneset sto Arne- Johan og ynskte oss velkommne,

 han var så kjekk at han slo lag,

Dette sette vi stor pris på, tenk ein gaid med ekte lokalkunnskap, det var ikkje verst.

050

Trollsk stemning oppover granskogen.

052

Lang rekke oppover råsa, sjeldan har vi funne råsa så turr og fin å gå i.

054

Små pauser må til, for her er det rask stigning.

056

Ann Helene, Hilde og Tore tek ein liten kvild.

057

Og resten av gjengen likeså, kjapp pause.

060

Arne-Johan fortalde oss om slåtteteigane som var bratte,

 og kor ein henta ved i slikt terreng.

061

Frå Sæbø ser skogen urøyvd ut, men på nært hald fekk vi sjå at det er utruleg mykje tred som er fellte, både rotvelte og knekte.

062

Ein kan nesten ikkje tru det er sant, før ein ser det på nært hald.

063

Ved lissehaugen, der var planta graner som gjerde

 for at ikkje krøtera skulle gå utføre, her har "Dagmar" Herja villt.

064

Høgt oppi ei gammal bjørk ligg ein grantopp og kviler.

065

Øvste delen av det planta grangjerdet er no berre rotvelte.

066

Enorme grantred er knekte rett av, litt av nokre krefter.

067

Skogen som var ved Lissehaugen er omtrent borte,

 vi ser eit heilt anna landskap.

068

Nedi bukta her ser vi ein spansk landsby, bada i sol.

Obs, det var vist Sæbø, vel så flott det vel?

Ska tru ka tid denne linja vert rydda bort, og bytta ut med sjøkabel?

069

Vi må vel vidare, snart er vi oppe ved mastene.

072

Her nyt vi utsikta og småpratar litt.

075

Her ved mastene har vi utsikt utover fjorden, innover fjorden......

076

Og sist men ikkje minst, Nordangsfjorden, med Oddbjørg i sentrum.

079

Vakker utsikt til Skår, Bente kikar heimatt.

080

Arne-Johan fortalde oss om Lidagjølet og klevasken, om Råmannen, og om kor han skremde Lexov med ei helle på råsa til Lissehornet.

Utruleg kjekt med slike historier.

081

Siste biten oppover langs ryggen merkar vi at vi nermar

 oss toppen, det opnar seg no.

093

Håkon er ein sprek kar som går lett oppover i råsa.

095

Malin og Lisa Mari to spreke fjelljenter.

Lette til beins, og raske i farta.

083

Alvhild og Arne -Johan nesten oppe på Tua.

087

So var flokken samla, Hilde, Elen, Håkon, Kanutte, Bente, Ann Helene, Bodil,

Jonny, Alvhild, Lisa Mari, Malin, Bernt Arve, Tore, Oddbjørg, Kari, Arne-Johan og Helga. 

 091

So går ferda heimatt, sjølv om det var så varmt og fint oppe på Tua at vi kunne sitte heile natta om vi kunne.

Ja, takk for prima gaiding Arne-Johan.

Vi takkar for fyljet, neste måndag er det Valsetheida og Eitrefjellet.

VEL MØTT!