6Asbjørn på Helgehornet. Foto Sindre Rudi

Asbjørn Aure, fotoet, var ein av dei ivrigaste og mest
dugande toppturentusiastane på ski.  Han var også med på
denne turen.  Diverre er han ikkje mellom oss lenger.  Han
omkom i ei tragisk fallulykke ved Saudehornet i Ørsta,
tysdag 12. juni. Foto: Sindre Rudi. (Fototekst:  Knut Hustad)


Klikk på fotoa for å få dei i stor utgåve. 


På ski kring Ørstafjorden, av Stig J. Helset

 Etter ti toppar, 4000 høgdemeter og fire mil i perfekt snø, strålande sol og utsyn over Ørsta sentrum mest heile vegen, landa tre slitne, men lukkelege skiløparar elleve timar seinare på Eidheim i det kveldsmørkret skreid fram. Det er noko heilt spesielt ved denne kjensla ein får ved å vere ute i fjellet i jamn rørsle frå tidleg morgon til seine kvelden, og noko av dette vil eg her prøve å formidle vidare til den interesserte lesaren.

 

For om lag ti år sidan fekk eg ideen om å gå fjellvegen på ski kring Ørstafjorden. Men forholda er sjeldan ideelle for ein slik tur: Om vinteren er dagane korte og skredfaren ofte stor, og om våren er det ofte for lite snø i låglandet til at det let seg gjere å gjennomføre denne rundturen på ski. Derfor har eg i mellomtida gått fleire lange, bratte og krevjande skiturar i dei høgareliggande delane av Sunnmørsalpane, noko som har gjeve mykje meirsmak.  Men så laga det seg endeleg til med perfekte forhold i førre veke, slik at eg endeleg kunne starte på den lange ferda i lag med Sindre Rudi og Asbjørn Aure, som båe er topptrena og fullrøynde skiløparar.

Ørstafjella

Fulle av karbohydratar og krefter starta vi frå Halsane ovanfor Liadalen klokka halv ni om morgonen. Den første utfordringa som møtte oss, var Dagmar sine herjingar med granskogen på veg opp mot Nakkevatnet, noko som førte med seg ein heil del basking og banning. Men vel over skoggrensa kunne vi ta på ski og fellar og skri innover langs vatnet og vidare opp på første toppen: Bjørnastighornet (940 moh.) Utsynet er veldig spektakulært frå denne nokså anonyme fjelltoppen, med Liadalsnipa kneisande over Ørstafjorden bak oss og resten av ruta vår mot Nivane, Vardehornet, Saudehornet, Vallahornet, Kyrkjetinden, Rambjørhornet, Sandhornet, Melshornet og Helgehornet synleg i ein hesteskoformasjon framfor oss. Likevel: etter ein rask fotorunde og ein kort, ståande buffet med brødskiver og vatn, måtte vi vidare, for på slike lange turar må ein vere i rørsle mest heile vegen om ein skal kome i mål før mørkret skrir fram.

1Karane på toppryggen av Bjørnastighornet. Liada 2På veg over Nivane. Saudehornet og Kyrkjetinden

Foto t.v.: Karane på toppen av Bjørnastighornet.  Liadalsnipa i bakgrunnen.  Foto:  Stig J. Helset.  Foto t.h.:  På veg over Nivane.  Saudehornet og Kyrkjetinden i bakgrunnen.  Foto: Asbjørn Aure.

No barst det bratt ned i Skorgedalen på god styresnø. Opp att mot den vestlege delen av Nivane (934 moh.) måtte vi berre skia eit godt stykke pga. skaresnø i den skuggefulle renna, men oppe på platået skein morgonsola igjen fint i fleisen. No var det krusing i slakt terreng heilt over mot Vardehornet (1009 moh.), før vi måtte hoppe utfor den store skavlen på veg ned mot Skålaskaret. Her ifrå gjekk vi bratt opp mot Vesttoppen av Saudehornet (1303 moh.), før vi kryssa over egga i spora etter ein mår, til vi nådde hovudtoppen. Tid for meir inntak av brød og vatn. Deretter følgde vi ryggen nedover og sette oss i hockey ovanfor Vallahalsen, slik at vi kunne gli mest heilt til toppen av Vallahornet (833 moh.) Nedkøyringa til Skytjådalen og oppstigninga til Kyrkjetinden (1070 moh.) gjekk i det same høge tempoet som vi hadde hatt til no, og vi stod på toppen klokka halv to – fire timar etter avgang. For å minimalisere gåinga til fots valde vi å renne ned via Engesethornet og vidare ned eit fonngjøl, som tok oss nesten heilt fram til fremste garden i Nupen. I skogkanten høyrde eg jegeren Sindre mumle i skjegget noko slikt som at «der tapte eg tre tusen kroner.» Eg forstod ikkje kva han meinte før eg såg bakenden av ein rev.

Den lange marsjen

No venta ein heil del bering av ski. Først eit stykke på vegen opp mot Vallasætra, sjølv om vi fekk ta på skia allereie ved brua i Nupadalen. Frå Mosætra var det igjen lett og godt føre heile vegen opp på Rambjørhornet (816 moh.) og Sandhornet (909 moh.) – og ikkje minst i nedkøyringa mot markane på Brekke, der vi gjekk oss på ein hjort, såpass at Sindre igjen såg tapte inntekter. Frå Brekke starta den verkeleg lange fotmarsjen i plastskor, over hengebrua og oppover den endelause vegen til Melssætra. Ekspedisjonsleiaren ville bryte av bratt opp ei renne som leidde direkte opp på sjølve Melshornet (807 moh.), men det var to mot ein, så eg gav opp og traska i veg i fotefaret til fleirtalet.

3Ståande matpause på Rambjørhornet. Kjerringa o 4Jamt driv over toppryggen på Sandhornet. Foto As

Foto t.v.:  Ståande matpause på Rambjørhornet.  Kjerringa og Kolåstinden bak.  Foto:  Asbjørn Aure.  Foto t.h.:  Jamt driv over toppryggen på Sandhornet.  Foto:  Asbjørn Aure.

 Voldafjella

Frå Melssætra var det der imot igjen godt føre heile vegen oppover mot Melshornet, og ettermiddagssola kasta glans over denne fine oppstigninga. Men vi tykte det tok noko lang tid før Asbjørn kom opp på toppen, og når han først kom, heldt han på å svime av. Det synte seg at han hadde ignorert mine strenge formaningar om hyppige matinntak, for etter at han fekk i seg noko godt brød og vatn, var han like pigg og klar for siste etappe. Den gjekk via Kjempevegen, over Vardehornet og Niven og ned i Liaskaret. Her ifrå venta ei ny, og lettare absurd transportetappe med ski på sekk forbi hovudvegen og kjøpesentra i Furene, slik i halv åtte-tida om kvelden, og det var ikkje fritt for at bilistane og dei handlande rista litt på hovudet når dei såg oss. Komne halvvegs opp frå Sollidalen til Helgehornet (623 moh.), kunne vi igjen ta på skia og skri dei siste høgdemetrane opp til toppen. Vi nådde akkurat solnedgangen i det klokka hadde blitt ni om kvelden. No venta ei overraskande fin nedkøyring mot Eidheim, der vi blei henta med bil og frakta attende til Halsane.

5Sindre og Stig på starten av den lange marsje. F 6Asbjørn på Helgehornet. Foto Sindre Rudi
Sindre og Stig på starten av den lange marsjen. 
Foto: Asbjørn Aure.
Asbjørn på Helgehornet.
Foto:  Sindre Rudi.


Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur. Likevel vil eg først og fremst tilrå andre å ta berre den første delen av turen, frå Halsane til Kyrkjetinden. Det er ein verkeleg fin-fin skitur som ein kan gjere i nokså roleg tempo i løpet av ein vanleg dag.

 

Stig J. Helset