Ørsta kyrkjelege fellesråd har 10 medlemer og er sett saman av to representantar, frå kvart av dei fire sokneråda i Ørsta kommune: Hjørundfjord, Storfjorden, Vartdal og Ørsta sokn.
Kvart sokneråd har og to vararepresentantar. Møre bispedøme har oppnemnt ein av prestane til medlem av rådet, saman med ein vararepresentant. Ørsta kommune har òg ein representant med ein varareprensentant. I Ørsta er det ordførar og varaordfører som representerer kommunen i fellesrådet.

Fellesrådet har sitt ansvarsområde ifølgje Kyrkjelova av 1996, § 14 som omhandlar kyrkjelege fellesråd sine oppgåver.
Fellesrådet har ein dagleg leiar og sekretær. Denne vert kalla kyrkjeverje og har kontorplass ved Ørsta kyrkjekontor. Kyrkjeverje er Steinar Sætre.


Ørsta kyrkjelege fellesråd har hatt denne samansetninga frå 01.12.2011:

Ørsta sokn:         Reidun Vigestad Berge, Anders Digernes

                          Magnar Hjærtenes (vara), Vebjørn Øyehaug (vara)

Vartdal sokn:       Kjetil Standal, Grethe Rasmussen Aarskog

                          Kirsti Hånes Vartdal (vara), Pål Heggestad (vara)

Hjørundfjord sokn: Kari Stokke , Ivar Svein Mo

                          Olav Kjell Rekkedal(vara),Oddhild Haugen Øye(vara

Storfjord sokn:     Perry Bjørke, Pernille Borgny Finnes

                          Connie Marie Leira (vara)

Representant for prestane:spr. i Ørsta, Matias Austrheim spr. i Vartdal, Arne Moltubak ( vara).

Ørsta kommune :ordførar Rune Hovde-varaordførar Paul Kristian Hovden (vara).

Ørsta kyrkjelege fellesråd konstituerte seg med Reidun Vigestad Berge som leiar og Kjetil Standal som nestleiar.

Arbeidsutval, AU: Reidun Vigestad Berge,  Kjetil Standal og Matias Austrheim. 

Administrasjonsutval og tilsettingsutval:     Frå fellesrådet: Reidun Vigestad Berge, Kjetil Standal og sokneprest. Repr. for tilsette er ikkje valde

IMGP3068_1

Kyrkja stend på skade dersom ikkje den får ny måling snart.

IMGP3070-1_1 IMGP3071_1

Dei nemnde vindua i saklista, i tårnet, er både kitt og målingslause og bør omgåande vølast

IMGP3067_1

Men i heile kyrkja står vindua på skade med fare for skade på glasmåleria inni kyrkja,



Sakliste:

ØKF  15/2012           Vøling Hjørundfjord kyrkje 

UTGREIING

Vidare frå sak 4/2012 og 9/2012

Ein har att noko planlagt vedlikehald på Hjørundfjord kyrkje, dette gjeld vindauga i tårnet. Vidare må hovuddøra vølast og evt anna.

Ved å få samla opp vedlikehaldet i eit eige prosjekt for Hjørundfjord kyrkje kan ein få rentekompensasjon for totalkostnad. Kravet er at budsjettet overstig kr. 100 000,-

Kostnader til vøling kan dekkjast av unytta lånemidlar.


ØKF  16/2012           Endringar i stillingsstrukturar

UTGREIING

Etter modell som er nytta i samband med kantorstillingane der ein ser fellesrådsområdet under eitt, foreslår kyrkjeverja no at ein prøver ut ei ordning for kyrkjetenarar og for sekretærar. Når det gjeld klokkartenesta i Hjørundfjorden vil kyrkjeverja utfordre Hjørundfjord sokneråd til å prøve å finne frivillige klokkarar slik det er gjort på Vartdal. Klokkarstillinga på 10% er lyst ut to gonger tidlegare i tillegg til at ein i vår har prøvd å utfordre einskildpersonar utan å få nokon søkjar.

Kyrkjetenarstilling.

Kyrkjeverja foreslår at ein slår saman stillingane ein har på Bjørke (16%) og på Sæbø (30%) og i tillegg reinhald på kyrkjekontoret i Ørsta (8%) og lyser ut ei 50% stilling som kyrkjetenar / reinhaldar. Det vert då att ein liten stillingsdel som må nyttast til ein vikarpott.

Ein føresetnad for å få dette til er ei ordning der varmen i kyrkjene kan fjernstyrast.

Sekretærstillingar

Der er i dag ei sekretærstilling knytt til Hjørundfjorden på 30% og Storfjorden på 5% som vert vakant i haust I tillegg har ein 80% sekretær i Ørsta og 30% knytt til Vartdal. ( Til saman 145% stilling. No er sekretærane samla på eit kontor i Ørsta. Nokon av oppgåvene vert allereie no fordelt mellom sekretærane etter funksjonar og ikkje geografisk. Dette ynskjer kyrkjeverja å vidareutvikle. Ein kan då fordele hovudoppgåver som rekneskap, post og journalføring, kyrkjebok, sekretærfunksjon for prestane, for sokneråda og for kyrkjeverja. Fellesfunksjonar som sentralbord og andre kontorrutinar må delast på mellom sekretærane.


ØKF  17/2012           Kostnader til straum på Ørsta kyrkjegard

UTGREIING

Kommunegartnar Olav Saure viser til dei positive tiltaka som er gjort på Ørsta Kyrkjegard med asfaltering, drenering, nytt hovudinntak  og lyssetting av veg og uthus. Nye låsbare straumuttak på både Askjellhaugen og Ørsta kyrkjegard er også sett opp.

Arbeidet har Parketaten utført sjølve, med unntak frå å kople straum. Dette er gjort utan å belaste innvesteringsbudsjettet på kyrkjegarden. Dei totale kostnadane beløper seg på over 300 000,- + mva, mens det avsette beløp i budsjett er på 200 000,-.

For å få på plass straum til lys på kyrkjegarden var ein nøydd til å setje opp nytt inntak og fordelarskap til Ørsta Kyrkje, noko som gjer at ein vil spare ca. 20 000,- + mva. når ein seinare skal byte sikringskap i kyrkja.

Kommunegartnar ber no kyrkjeleg fellesråd om å bidra for å få dekt noko av meirkostnadene i samband med dette arbeidet.

Kyrkjeleg fellesråd kan evt. nytte av disposisjonsfond til dette.