Til dette arbeidet treng vi mange sterke kroppar. Blir vi mange nok, deler vi oss i to lag slik at vi og får rydda Stormøllen etter oss.
Styret i grendalaget organiserer traktorar, kaffe og kaffemat i tillegg til godt sommarver med sol og varme.
Vi gleder oss til å vise bygda det fantastiske hand- og dugnadsarbeidet som er gjennomført i Stormøllen denne våren!
Her ser vi noko av bygget som skal fraktast med traktorar til Kapteinkvia og røysast til eit 12meter langt skjellet. Det skal etterkvar kledast slik at der blir levegg av ein eller fleire færingar og sjølvsagt tak av torv.
Grunnarbeidet til plassen til løda er i gang. Til laurdagen skal det meste vere klart til å setje opp bygget.
Vel møtt.
Kommentarar