Nilsbuda held til i den gamle Årseth-butikken på Sæbø, like ved fergekaia.
Dei opnar kl. 11.00 og vil halde ope kvar dag i juli, samt nokre helgar i august.
Her sel dei lokalprodusert kunst og handverk. Flotte produkt som er kjekke å gi vekk i gåver (julegåvehandel er mykje kjekkare i juni enn i desember, berre prøv), ting du har god bruk for og saker du ikkje treng, men rett og slett berre MÅ ha.
Sitteunderlag av spelsauskinn og ull Nydelege baytepper i "Havskum"-mønster
Mekko-hønene er visst litt forstyrra av alle desse ivrige syngedamene.
Nostalgiske hekledokker til bad og kjøken.
Flotte barneklede i saum og strikk Vinhøne og rause koppar
Heile 48 leverandører av kunst og handverk er representert denne sommaren
Høner i ull, bilete med gode ord Detaljrike kvardagsenglar
Fargerike mapper til småting Hekla snøkrystallar
Ein spelsau Setetrekk til sykkel
Kjolar og sjal Vesker
Damene på Nilsbuda steikjer og gode sveler som kan nytast utanfor butikken. Der har dei plassert kafébord med parasollar som vernar mot sol og regn. Og utsikta vender rett mot majestetiske Slogen på den andre sida av fjorden.
Velkomne til trivelege Nilsbuda!
Kommentarar