Laurdag vart plassen ferdigrydda og mykje materiale frakta på plass og deler av grinda kom opp. Deltakinga var ikkje så stor som vi håpte på, korkje av maskiner eller folk, men dei som møtte la ned ein stor innsats.
Mandag morgon samlast dugnadsgjengen seg igjen til arbeid.
Fysisk arbeid og tenking: Petter Årseth, Oddvar Olsen, Jon Urkegjerde og vegard Riise
Samt litt finarbeid i høgda. Her ser vi Oddvar Olsen og Vegard Riise.
Tommy Riise Olsen
Vegard Riise, Robert Steinnes
Rolf-Egil Riise, Kåre Løvoll (fagleg ansvarleg)
Takk for flott innsats så langt :)
Alle foto: Ole-Johan Riise
Kommentarar
Samstundes vart Stormøllen rydda (inne og ute), marka under Kapteinløda vart jamna og gjort klar til duk og grus som er planlagt levert mandag. Då treng vi hjelp til å få dette på plass: spade, trillebør, traktor med skuff og handemakt.
Takk til store og små (av begge kjønn) som hjelpte til i dag. Velkomen til ny innsats kveldande i veka fram til jonsokaftan.
PS - Før opphald i Kapteinkvia bør de smøre dykk godt inn myggkrem. Mygg og knott stortrivest der no. Dessverre.
Restarbeid: Troda som ligg attmed. Duk som skal rullast ut og grus som må køyrast inn og leggast over.
Til jonsokaftan planlegg vi å legge på presenning over takstolane for å gi lytt ly mot evnt. regn.