Gunnar- råsa med Storenakken
og Åseråsa som veg vidare.
Vi var mange som møttest i Fonnvernet klar til start.
Det var ei svært internasjonal gruppe som stillte opp i dag, tre frå Tyskland og ei frå Litauen.
Ellers var det: Haldis, Kari, Alvhild, Hilde, Ann Helene, Unni, Oddhild, Eldrid, Bente, Marit, Jonny, Gunnar, Kanutte, Monika, Bodil, Manuela med sine tyske venner, Manuela, Monika ( Moni), Andrea, Ana frå Litauen (ho hadde ikkje gått i fjell før- imponerande start.)og Henrik som hadde fyrt bål til oss.
Her tok Unni ein liten styrkedemostrasjon, varden fekk ein tur i bakken og oppatt, til alles beundring.
Gunnar var ein dyktig turgaid og fortalde om fonna i 79 som har sett sine synlege spor i skogen oppover i råsa.
Vi tok små og hyppige pauser på veg opp, kjekt å gå i lag alle.
Dagmar- portal i Gunnar-råsa også, Gunnar har saga over nedblesne graner og laga ein flott portal.
Spreke trimmarar i full fart oppover.
Ein liten stopp ved "vinterboka", fine sess og kjekt og lese i boka.
Monika, Gunnar, Jonny og Kanutte.
Eit grønt skogstroll geipar til oss på vegen.
Snart er vi ute av granskogen, og vi er vel halvvegs til steinen.
Vakre skogsfiolar ved råsa, og vakre roser i råsa, Unni, Kanutte og Kari.
Bodil, Ana, Manuela og Marit, smilande blide ved sessane i råsa, men kor mange høgdemeter er vi på no? nokon som huskar det ? står malt på steinen ved råsa.
Ei flott rekke med sprekingar.
Endelig oppe ved steinen, Her var det fyr på bålet som helste oss velkommen.
"Bålmannen" Henrik .
Flott utsikt over folk og bygd!
Vegen vidare, vi gjekk oppover i råsa dei fleste mot Skonndalen og Storenakken.
Unni, Henrik, Manuela, Andrea, Gunnar og Monika.
Gjengen her velgde å gå Åseråsa,
Alvhild, Jonny, Oddhild, Eldrid, Kanutte, Ana og Ann Helene.
Mykje snøv i Skonndalen.
Flott rekke i skonndalen , reine brevandringa.
Samling ved høgste pungtet på turen, 503m.o.h.
Litt klivring måtte til for råsa til Knutsgjølet var dekt av snøv.
Ved brekanten i Knutsgjølet.
Storenakken, siste stopp før vi gjekk nedover igjen.
Siste biten står att, vegen ned og rusle til Sæbø.
Flott tur, finare i råsa enn eg trudde.
Takk for laget og vel møtt til neste tur.
Olavshola vert målet på måndag.
VEL MØTT!
Miner om påmelding til jentebølgen neste fredag(8 juni)
Send melding til:
Haldis 90014323
Bodil 95906493
Sjekk på www.sparjentebolgen.no
Kommentarar
Gler oss til bålet og turen på mandag, skal vi ta med litt å spidde kansje, litt mår er godt.
kan røpe at høgdemetrane som står på steinen er 270m.o.h.