Mandag 18.juni arrangerar vi i 8. og 9.klasse aktivitetskveld/elevkveld i gymsalen på Sæbø.

Det vert sal av diverse mat, godteri og brus. I tillegg har vi også glutenfri mat.

Vi vil arrangere ballspel som volleyball og kanonball i gymsalen. For dei som ikkje ønskjer å vere med på dette, vil vi også ha diverse spel og leikar.


Vi har bestemt oss for at folk kan stille i det dei sjølv ønskjer, men helst pyjamas og tøflar. Det er ikkje lov med utesko verken i gangen eller gymsalen. Ta gjerne med deg innesko viss du ønsker å ha det under aktivitetane.

Inngongspris er 30 kr.


4. og 5.klasse: 18:00 -> 21:00
6. og 7.klasse: 18:00 -> 22:30
Ungdomsskulen: 18:00 -> 23:00