Elva må ha teke nye elvefar og ein gong grave langs nordsida og ein annan gong på sørsida av dalen og deltaet.  I dag renn elva om lag midt gjennom bygda.

Steinen i hagen

I hagen til Sverre og Nelly Urke kjem vi over ein stor, enderøyst stein som vekkjer interesse. Elva renn ganske nær heimen deira og dei kan fortelje om at elva rullar stein når ho veks opp. Dei høyrer kor steinane smell mot elvebotnen og merkar at huset skjelv når dei største steinane dunkar i bergbotnen eller mot andre store steinar.

Stein i elva

Steinen som Sverre og Nelly Urke har fått plassert i hagen, ruvar godt. Det kan vere vanskeleg å forstå at elva kan vere så strid at ein 8 tonns stein ”flyt” i vatn. På toppen: Tuva Aresdotter Urke.

Sverre fortel at denne steinen kom ”flytande” og rullande i ein flaum 15. august 2003. Den la seg still i elvelaupet rett sør for huset og ved eit seinare høve fann dei på at denne steinen ville dei ha som ein ”bauta” i hagen.  Han som brukte gravemaskina, takserte steinen til 8 tonn. Nedste delen av steinen stikk 40-50 cm ned i jorda, slik at samla høgde er om lag 2,5 m.

Denne steinen kan gjerne vere eit varsel om at Urke-elva er strid og farleg når det er flaum. At Urke Kraftverk tek unna litt av det som elles kjem frå Langsæterdalen, er berre eit ”musepiss” når elva er stor.

Dramatikk

Elva har laga problem for bygda, særleg gardane Urkegjerde, ved fleire høve. Både i 1743 og i 1855 var elva på ville vegar. Framleis lever på folkemunne flaumen 24. november i 1906. Denne flaumen kom midt på svarte natta og ”det saa lenge truende ud for husene paa det to gaardsbrug på Urkegjærde, og folket var aldeles indestængt, i det de var omflydt af elven paa alle kanter.”

Urkegjerde og Urkedalen (2)

Vi ser her framover Urkedalen med husa i Urkegjerde i framgrunnen. Det var på desse to gardane elva herja i 1906.

Desse opplysningane er henta frå Stortingsprp. nr. 111 – 1906-07 og omhandlar skaden og ei mogeleg forbygging av Urke-elva. I nær to døgn var folket isolerte. Husa greidde seg, men åker og eng såg ille ut både i Urkegjerde og på Øyane som tilhøyrer gardane på Ytre Urke.

Fall i elva

Det er sagt at Johan S. Urke  (Ramo-Johan)vart teken av elva i denne flaumen då han skulle vade over til Urkegjerde. Han var då 31 år og skulle nok sjå etter korleis det sto til med svigerforeldra i Nilsgarden, Larentse og Nils (Stokke) og svogeren Elling og kona Kanutte. Ramo-Johan hamna i den strie straumen og vart ført med elva nedover. Ved Leirbakkane, nær ein halv km lenger nede, fekk han tak i ei buske, like før fossane ved brua. Dermed berga han livet - "på hengande håret", som vi seier.

Johan, Karen, Sivert, Nelly 1904

Dette fotoet frå 1904 viser Ramo-Johan to år før han hamna i Urke-elva og det var mest flaks at det gjekk vel. Her er han saman med kona Karn, f. Urkegjerde, og borna Sivert og Nelly.

Namnet Urke

Det er denne stride elva som har gitt namnet til bygda. Namnet må vere gammalt og har vore skrive på ulike måtar, m.a. Vrke, Wrcke, Urche.  Det kan ikkje dokumenterast at Ragnvald Urka, som var med i Håkon Håkonson sitt tog til Skottland i 1263, kom frå Urke, men det er ikkje usannsynleg. Det er og god dokumentasjon  på at dei to bruka på Urke ikkje vart råka av Svartedauden. Det er registrert rundt 20 gravhaugar frå eldre og yngre steinalder, så det er lange røter tilbake til den første busettinga i bygda.

Norsk Stadnamnleksikon er rimeleg sikker på at stadnamnet Urke er opphaveleg eit elvenamn, som kanskje heng saman med verbet orka, og siktar til strid straum. Det vert og vist til elvenamnet Orkla og Orkdalen.

Ei påminning

I alle fall er steinen på tunet til Sverre og Nelly ei påminning om å ha respekt for naturkreftene si makt.