Vatnevatnet rundt.
Vi parkerte ved Åmdalen ungdomshus, der ser det langt ut å gå rundt vatnet.
Bodil, Unni, Haldis og Norunn.
Vi gjekk langs vegen mot Krøvelen, forbi alle Krøvelsgardane og inn til enden,
der vegen gjeng over i ein skogsveg.
Greit med slike skilt som minner oss på namn som vi nesten hadde gløymt.
Fin skogsveg å gå på, her er det full opprydding etter "dagmar" sine herjingar.
Utruleg mykje lysare når den tette granskogen forsvann,
store rotvelter ligg og ventar på å bli henta til tømmer.
Etter ei stund vert det rås ned mot vatnet, fin å gå og lett å sjå.
Midt i skogen er det sett opp benkar der du kan ta ein kvild, lunt og fint inne i skogen.
Her er ei hytte som har gått nesten klar herjingane,
kunna gått verre når ein ser på trea som ligg rundt.
Eit moderne "skogtroll" som knaska i seg tømmerstokkar som snacks, her går det unna.
Frå vatnesanden har vi full utsikt mot Nakken og Vatne, her får "turisten"Haldis lære om kven som kjem frå den garden og litt anna.
Vel havvegs kan vi kvile augene og sessen, på dette vakre byggverket av ei kvelvingsbru.
Tenkjer på si linje frå ei kjend vise av Lillebjørn Nilsen-
"Hundrede mann kan jeg bere på min rygg, men svikter om de alle marsjerer."
Nakketausene med Nakken i himmelsjå, bak ser vi garden Tobakkshaugen.
Her mimrar vi litt ved gamle "Klungre kafe" der vi feira jonsok med bål i strandkanten, sal av rjømegraut, brus og kid-is.
Vi hadde lurvetog frå alle grendene som kom og kvemøttest her om lden og feira i lag.
Vi gjekk langs vegen siste biten til ungdomshuset att, då vart vi minte om at "dagmar" har nok kviskra litt for stillt somme stadar.
Her kunne nok orkanen gjort ein betre jobb, meinar eg.
Tusen takk for ein triveleg tur.
Neste måndag vert det tur til Nakkenakken,
vi kjøyrer frå Sæbø kl 1700, fin tur med flott utsikt.
Vel møtt!
Kommentarar
Vi vil gjerne ha med "gamle" og nye turgåarar på turane våre, dette vert ein tur i variert terreng så husk gode sko, roleg tur!