Kjøleg, ja, nesten kaldt, har det vore, men likevel har vi hatt nokre fine godvêrsbolkar i det siste. På frigjeringsdagen den 8. mai kunne vi sjå at det var fleire som flagga - i alle høve på Sæbø. Dagen etter oppdaga vi ein travel skyssbåtførar og turistvert, Oddvar Olsen heiter han, som var i ferd med å gjere naudsynt vedlikehald på skyssbåten M/S "Hjørundfjord".
Lenger borte i gata, nærare bestemt litt framom Hustradbrua, kom Andreas Hustad gåande - ikkje på sykkel denne gongen. Han undra på om det var på tide å ta fram traktorklipparen sin. I fjor tok han nemleg første slåtten på attlega/plenen sin like ved huset den 11. mai. Om han fann fram klipparen er uvisst, men han slo fast at det nesten var for gale å arbeide på slik ein fin dag. Så braut han ut i latter slik han brukar å gjere.
Andreas Hustad med Grøtdalstinden i bakgrunnen
På foto t.v. ser vi at dei var flinke å flagge på Sæbø den 8. mai. Og er det ikkje ei snøfønn vi ser oppe under Storhornet? Jau, stendig vekk kom det mindre snømengder rasande ned mot Olavsdalen.
Så må vi ha med litt blomar.
Her ser vi ei kvitveis som tårast litt over sola som endeleg kom fram |
Begge desse blomane har vore vist på portalen før, men kva var no namna igjen?
Kommentarar