Det er viktig å få tilbakemeldingar om dugnadslista du stog på i fjord. Anne Mone og Annette styrer desse listene og dei treng informasjon frå Dykk for å kunne oppdatere dei til dagane.

HJØRUNDFJORDDAGANE- 2012

TIL HUSSTANDAR I BONDALEN, URKE, ØYE, TRANDAL, STANDAL OG HJØRUNDFJORDINGAR SOM IKKJE HAR GLØMT RØTENE SINE.

HJØRUNDFJORDDAGANE ER 2. OG 3. JUNI 2012

 

Hjørundfjorddagane er verkeleg noko som set Hjørundfjorden i sentrum, og der alle stiller opp og tek eit tak. Dette vert lagt merke til andre stader. Vi kan være stolte av det.

 

Hjørundfjorddagane er ei inntektskjelde for Sæbø idrettslag, men 20%  av overskotet går til andre lag i Hjørundfjorden.

 

Vi voner at Hjørundfjordingane også i år viser velvilje og hjelper til. Skal vi klare det, må alle vere minst like positive som åra før. Vi er svært takksame for all hjelp.

 

VI LYFTER I FLOKK!

Programmet er nesten på plass.

Teltet som vart kjøpt inni av Ørsta Aktivum i 2006, er no overtatt av Sæbø IL til odel og eige. Dette vert brukt på dagen.

 

Nemda arbeider vidare etter same mønster som før, og kjem i stor grad til å nytte namn på arbeidslister frå tidligare år. Det er svært viktig at nemda får tilbakemelding om at du ikkje har høve til å hjelpe til ein spesiell dag eller tid, eller gjerne vil gjere noko anna enn du har gjort før. Vi håper at du også melder frå om du kan ta ei vakt begge dagane. Dessverre så minkar folketalet, og det vert vanskelegare å få fylt alle postane

Ei vakt er maks 3 timar ,og du slepp inngangspengar den dagen du har vakt.

 

TA KONTAKT MED :

Anne-Mone Strandmann: SMS 456 07 349 eller på e-post anne-mon@tussa.com eller

Anette Dagfinrud: SMS 915 32 848 eller e-post anettedagfinrud@yahoo.no

 

Vi vil gjerne ha tilbakemelding innan 10.mai 2012.

 

Dersom vi ikkje får tilbakemelding innan fristen, går vi ut frå at du kan hjelpe til og vi plasserer deg på listene der du fortrinnsvis har vore før. Vi må likevel få lov til å flytte litt att og fram, for å få det heile til å gå opp

 

DERSOM DU VIL HJELPE TIL OG IKKJE HAR VORE MED FØR, TA KONTAKT.

 

Veit du om nokon, som bur andre stader, og vil hjelpe til, så er vi svært glade for all hjelp.

 

Helsing nemda for Hjørundfjorddagane 2012

Rune Mo, Linda Røssevold, Maria Kalvatn, Anette Dagfinrud, Erlend Walseth og Anne-Mone Strandmann,