Film:  Fred Ingar Somby.  Foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Turdag: 30. april.

DSCN0473b DSCN047b
Utsikta frå Storhornet er av det vakre slaget.  Her ser vi utover Hjørundfjorden Her ser vi mot Skårasalen
DSCN0470b DSCN0472b
Her ser vi egga framover mot Storhornet - som vi ser i høgre biletkant. Flymerket på Storhornet.


Det har vore litt diskusjon, også her på Hjørundfjordportalen, om kva som er Storhornet i dette fjellmassivet på sørsida av Bondalen.  Det høgste punktet er 1377 m og vert på Moane i Bondalen kalla Eggavarden. (På Aklestad visstnok Nipa)  Sjå elles panoramafoto til slutt i artikkelen.  Her er nokre namn som vert brukt på ulike toppar på fjellmassivet Storhornet/kollenmassivet.   I alle høve:   Fred Ingar (Somby) var på  Storhornet.  Sjå foto under.

Rute storhornet Fred Storhornet 033 (2)
Her ser vi kartutsnitt over ruta Fred Ingar gjekk i dag, raud opp, blå ned.  På foto til høgre ser vi dei to aktuelle toppane.  Storhornet, med flymerket, er "berre" 1358 m høg, det høgste punktet, på Moane kalla Eggavarden, er 1377 m høgt.

Laurdag kom det svært mykje nysnø i fjellet, det gjorde at søndagen vart ein fantastisk skidag, men kva med i dag?  Var det fortsatt råd å finne kald, lett snø?  Fred Ingar ville prøve ei rute der det var lite sol.  Moagjølet var vel eit godt alternativ, men var det i det heile råd å kome ned dit?  Ruta måtte prøvast.

Det høgste punktet på Storhornmassivet, Eggavarden,  er lett å nå - ta Skårasalruta inn Kvistaddalen, men når du er oppe i skaret ovanfor Blåhorndalen, tek du til venstre - ikkje til høgre som du gjer når du skal på Skårasalen.  På ein god dag tek du gjerne både Skårasalen og Eggavarden/Storhornet.  Det største problemet på denne turen vart nesten å kome seg ned mot Storhornet frå det høgste punktet  - her var det nemleg svært hardt/nærast isete.  Løysinga vart å trakke seg ned.

Fred Storhornet 027 copy Fred Storhornet 028 copy
Til venstre ser vi spora der han trakka seg ned, til høgre Fred Ingar på toppen av 1358 m høge Storhornet.  Klikkar du på fotoet ser du han.

DSCN0477b
Foto frå Storhornet.  Vi ser Moagjølet gå ned til høgre omtrent midt på fotoet.  Dalen i botnen er Bondalen.

Det var lite informasjon å få om denne køyringa på ski ned Moagjølet.  Er det nokon som har gjort denne skituren før?  I alle fall - Fred Ingar var spent.  Oppe i toppområdet var det noko hardt p.g.a. soltining og ei kald natt, men etter kvart som han kom ned i skuggen var det til dels fine forhold.  Rett nok gjorde han eit "drop" på eit par - tre meter, men om ynskjeleg kunne det sikkert ha vore unngått.

Under ser du foto frå turen, til slutt finn du ein filmsnutt.  Ta deg tid til ein titt.

Fred Storhornet 039 copy
Skikøyringa ned sjølve Moagjølet har starta.  Vi ser her at det er tildels fine forhold.

Fred Storhornet 043 copy Fred Storhornet 069 copy
På foto til venstre ser vi skikøyraren omtrent midt på fotoet.  På fotoet til høgre ser vi heile gjølet.

Fred Storhornet 053 copy Fred Storhornet 056 copy
Til venstre:  Kva no, unge mann - kjem du forbi dette?  Til høgre:  Ein god sats så....  Det gjekk fint - heilt ned.

Til slutt ein liten filmsnutt frå hjelmkameraet til Fred Ingar:  Klikk her.  Hakkar filmen, klikk på HD nedst i høgre hjørnet (HD-ikonet)

Det som er største faren med ein slik tur er nok skredfaren.  Ein må finne rette dagen.  Det ser kanskje ikkje så fint ut her, men snøskreda som går på denne tida av året er gjerne av det slaget som er lettare å passe på, t.d. solskred på ettermiddagen.

Konklusjon: Ein framifrå tur, i fylgje skikøyrar Fred Ingar.

Untitled_Panorama1
Fjellmassivet Storhornet har mange vardar, mist seks.  Det er lett å verte forvirra på namnebruken - ulike gardar brukar tildels ulike namn, men dei fire namna som er påteikna her, er dei namna som vert brukt på Moane i Bondalen.  I tillegg står det eit par av dei på kartet/kartutsnittet over.  Det høgste punktet, Eggavarden, ser vi ikkje på dette fotoet.