Det er varsla fint vêr heile veka og Strands bakeri på Sæbø nyttar høvet til å sesongopne torsdag 24. mai klokka 0930. Stolar og bord vil også vere på plass ute slik at kaffi og ferske bakarvarer kan nytast kvar ein måtte ynskje.

imgp6898_kopi2[1]

Kanutte(Nutte) vil vere på plass bak disken med brøda og alle dei andre godsakene Og Oddvar Olsen kjem sikkert innom og handlar denne sommaren også.

Utvalet i butikken og kafeen vil vere det same gode som tidlegare.  Det runde Hjørundfjordbrødet, Ørstabrødet og alle dei andre brødsortane vil ligge i hyllene.  Det same vil skulebollane, wienerbrøda, bollane, skipskjeksa og alle dei andre slaga gjere.  Bakar Dagfinn(Daffa) legg ikkje ut anna enn ferske varer for salg.

Opningstidene vil på kvardagar vere frå klokka 0930 til 1630.  Laurdagane vil opningstidene vere frå klokka 0930 til 1500.

Kanutte og Dagfinn vil også halde ope dei to pinsedagane.  Opningstidene vil vere frå klokka 1000 - 1700.

Og no er i alle fall den nye ferjekaia på plass.  Kanskje kan vi forvente oss "ny-ferjekai-overraskingar"?

Kanutte og Dagfinn ynskjer alle hjarteleg velkomne.