Sæbø har slitt litt i innleiinga av sesongen med å avgjere kampane til sin fordel, men mot Gjerdsvika kom endelig årets første siger då Knut Skomedal avgjorde kampen med sitt andre mål for dagen 5 min før slutt. 

Kampen åpna med eit visst overtak til Sæbø, der spesielt Øystein Frøyland var frisk og kom rundt på venstrekanten fleire gongar. Det var og han som var arkitekten då Sæbø tok leiinga midtvegs i omgongen då han spelte Knut Skomedal igjennom. Åleine med keeper tok Skomedal seg god tid, runda keeperen og sette ballen enkelt i mål. Ikkje lenge etter fekk Yngve Frøland ein stor sjanse etter dødball, men sette ballen i tverliggaren. Sæbø hadde bra kontroll i første omg, men det var vanskelig å få til noko finspel på ei humpete grasmatte. Gjerdsvika/Moltustranda hadde vel berre ein skikkelig sjanse i omgongen, men den var til gjengjeld stor. Det blei slurva fryktelig i forsvaret og ein Gjerdsvika/Moltustranda spelar snappa ballen. Men åleine med Ivar Kristian Mjøen så sette han ballen rett på keeper. 

Andre omgong fortsette stort sett i samme stil som i første omg, men Gjerdsvika/Moltustranda utlikna etter ti min. Eit frispark blei slått inn i feltet, Sæbø tapte duellen og ein Gjerdsvika/Moltustrand spelar fekk uforstyrra sette inn 1-1. Etter dette tok Gjerdsvika/Moltustranda litt over kampen uten å skape så mykje. Einaste som kunne virke farlig var longe innkast og dødballar, men Sæbø vann stort sett dei fleste duellane og det blei sjeldan farligheiter ut av det. Utover omgongen tok Sæbø meir over igjen, og 5 min før slutt avgjorde Knut Skomedal kampen. Målet kom etter eit hjørnespark, det blei mykje fram og tilbake, og til slutt fekk han hovudet på ballen  og styrte den bak ein utspelt keeper. 

Ein heilt grei kamp av Sæbø bakover på bana, framover sleit laget med presisjonen. Men det var vanskelig å få til finspel på ei veldig humpete bane.