Kampen åpna relativt rolig av begge lag. Banespelet var jamnt, men verken Kvamsøy eller Sæbø skapte noke særlig med sjansar. Men etter kvart heva Sæbø spelet og tok fortjent leiinga etter at Martin Sandbakk møtte eit hjørnespark på første stolpe og sette ballen i mål. Ikkje lenge etter burda Svein Ivar Moltu auka leiinga, men avslutninga gjekk i stolpen. Sæbø styrte det meste resten av omgangen, og ti min før pause fekk laget straffespark etter at Svein Ivar Moltu vart lagt i bakken av Kvamsøy sin målmann. Straffa sette han sikkert i mål. 

Sæbø frykta at Kvamsøy kom sterkare i 2.omg grunna ein sterk medvind, og Kvamsøy fekk og håp om poeng då dei reduserte til 1-2 tidleg i omgongen. Målet var keeper Kiwi Mjøen sjanselaus på, ei perle frå 25 meter. Men Sæbø svarte umiddelbart etter at Svein Ivar Moltu krangla seg gjennom Kvamsøy forsvaret og sette ballen sikkert forbi keeper. Etter dette hadde Sæbø full kontroll, Kvamsøy skapte svært lite, og Moltu putta ytterligare 2 mål. 

Ein meget solid kamp av Sæbø, Kvamsøy skapte svært lite målsjansar, og framover på bana er ikkje minst Svein Ivar Moltu bjynde å vise takter frå 2010 sesongen. Ein anna som og utmerka seg meget positivt var unge Olai Eikrem Riise. Han spelte ein kanonkamp sentralt på midtbana.

Neste kamp for Sæbø er allereide i dag, mandag 14.mai heime mot Haddal. Kampen bjynder kl 18.30. Det blir mest sansynleg ein gruskamp etter all nedbøren dei siste dagane. Vi oppmodar alle som har tid til å komme å støtte laget mot forhåpentlegvis blir 3 nye poeng.