Tid LAURDAG Tid SUNDAG
Kl 12:00 Utstillingane opnar. Matsal startar Kl 11:00 Hjørundfjord kyrkje
Kl 12:30 Offisiell opning ved Alexander Riise Olsen   Gudsteneste ved sokneprest Rolf Dyrhol
  Maria Tvergrov Kalvatn " Valsen til Hjørundfjorddagane"   Barnekoret i Hjørundfjord kyrkje med Marie Mundal Austrheim
    Kl 12:00 Utstillingane på skuleområdet opnar
  Børre Lødemel presenterar hovudutstillarane. Kl 12:45 Barnekoret i Hjørundfjord kyrkje med Marie Mundal Austrheim underheld frå scena
  Pause Kl 13:15 Musikklinja ved Volda Vidaregåande Skule
Kl 14:00 Jodling, med Polka Bjørn Kl 13:45 Vising av designklede og strikkaklede
    Kl 14:20 Circuit of values–Band frå Ørsta og Volda
    Kl 15:00 Presentasjon av vertskapet på Hotell Sagafjord
Kl 15:00 Vising av designkle og strikkakle Kl 15:15 Debatt om reiseliv i Hjørundfjorden – DÅS
KL16:00 Musikkinnslag med Bjørn og Svein Årseth    
    Kl 16.15 Birgitte Hustad Vinjevoll - Den tøffe dama som vann 71 grader nord
       
Kl 17:00 Knut Eilertsen og Bottolf Lødemel Kl 16.30 Pause
       
Kl 18:00 Portane stengjer på messeområdet  
    Kl 17:00 Vegar og Bård Leite - Karane frå Idol og The Voice
Kl 19:00 Konsert Volda mannskor med artistar    
  i Hjørundfjord kyrkje Kl 18:00 Takk for i år. Portane stengjer.
       
Kl 11-18 Sal av grillmat, rjomegraut, kaker og kaffi Kl 11-18 Sal av grillmat, rjomegraut, kaker og kaffi
       


Musikk

Som alltid vert det høve til å nyte ulike musikarar frå sjølve scena, der artistane spenn frå lokale heltar som Bottolf Lødemel til jodling ved Polka-Bjørn og kjendisar frå The Voice og Idol!

 Bård Leite og Knut Eilertsen er husvarme namn på grunn av deltakinga i TV2 si nye storsatsing The Voice, og dei vil begge underhalde med stemmene sine frå scena. Det er spesielt spanande at Bård ikkje kjem aleine, men tek med seg nevøen Vegard Leite som kom seg heile vegen til finalen i Idol i 2011!

 I tillegg har vi tradisjons tru ei perle av ein kyrkjekonsert å tilby. Årets konsert vert eit samarbeid mellom Volda Mannskor og brørne Svein og Bjørn Årseth. Brørne Årseth ættar frå Hjørundfjorden, og Svein har til dømes spelt hovudrolla i Jesus Christ Superstar hjå Trøndelag Teater, spelt hovudrolla i Sweeney Todd saman med Elisabeth Andreassen og hatt roller på Chat Noir, Chateau Neuf og Det Norske Teater. Broren Bjørn har også hatt ei lang karriere innan musikklivet, og har Master of Music frå University of Northern Colorado, med spesialisering innan piano og trompet.

 Vi har og andre spanande lokale musikarar som entrar scena på dagane! Vi gler oss!

Underhaldning

På scena får vi og besøk av den beintøffe dama Birgitte Hustad Vinjevoll – jenta frå Ørsta som vann 71 grader nord i 2011. Ho viste at viljen er viktig når ho spaserte over Finnmarksvidda med si eiga kroppsvekt i «gull» i sekken! Det er og kjekt for oss på Sæbø at morfaren er nærmaste naboen til arrangementet på Sæbø – vi på Sæbø har ei aning om kvar ho har genane frå…

Kvar søndag brukar ein å arrangere debatt på «Dagane» – og i år vil det verte diskusjon rundt Hjørundfjorden som turistdestinasjon. Aktørar i bransjen vil diskutere med politikarar om framtida til kanskje verdas vakraste fjord som reisemål. I debatten vil det diskuterast djupvasshamn og Hurtigruten, strategi og samhandling mellom dei store aktørane i området, samt ideen om veg til Skårasalen. Brurde Hjørundfjordråsa vere med?

Utstillarane

 På Sæbø barne- og ungdomsskule har det siste året vakse opp ein ny og flott gymsal! Det vert ei positiv utfordring for nemnda å ta i bruk denne nye og flotte salen for alle utstillarane som kjem til bygda. Utstillarane er, saman med dugnadsånda til lokalbefolkninga, sjela til Hjørundfjorddagane. Vi er stolte over alle gamle og nye utstillarar som fyller «Dagane» med kultur, mat, kle, blomar og brukskunst!

 

Hovudutstillar på Hjørundfjorddagane 2012

 I år har Hjørundfjorddagane fått dei tre dyktige damer, Ingeborg Lystad, Marta Lystad Johansen og Marit Lystad Johansen frå Ørsta som hovudutstillarar. Ingeborg er ein dyktig og spanande kunstmålar som har ei stor samling frå eit langt liv som ho ynskjer å stille ut. Marta Lystad Johannsen har og eit langt liv bak seg som fotograf.  Ho tok over som hovudfotograf hjå Foto Lystad tidleg på 80-talet og starta eiga verksemd i 2005. Ho har no arkivet frå gamle Fotograf Lystad A/S som går tilbake 30-talet – kanskje kan du finne deg sjølv på gamle bilete på dagane? Marta har fått mange premiar og utmerkingar, er medlem i Norges Fotografforbund og æresmedlem i Møre og Romsdal fotograflaug. Marit Lystad Johansen har gått i mora sine fotspor og har og arbeidd seg oppover i bransjen med utmerkingar med Hederleg omtale på NFF si landskonkurranse med bileta «Female» og «The Bride». Morten Krogvoll har sagt: «Kjære Marit! Jeg håper dine mennesker forstår hvor begavet du er». Ikkje lite berre det! Dette gler vi oss til!

 

 Gokart

 I år vert det også høve til å køyre gokart for dei mellom 4 og 8 år. Tussa har lånt oss dei elektriske bilane, og dette vert arrangert i trygge omgivnadar i ballbingen ved klubbhuset. Tilbodet er gratis.

 

«Gateseljar»

 I år har vi igjen gitt løyve til ein «gateseljar» å kome. Han sel ulike ting som born og unge likar, men som foreldra kanskje ikkje set like stor pris på... Dei føregåande åra har vi ikkje hatt «gateseljarar», men sidan born og foreldre faktisk etterlyste dette tilbodet, har vi etterkome deira ynskje.

 

Raude kors

 Ørsta Raude Kors er alltid trufaste medarbeidarar – også i år! Born synes det er spanande å sjå på kva dei styrer med, og kanskje vert det høve til å verte sminka som skada?

Barn, ungdom og vaksne er velkomen til ein strålande dag i hjertet av Sunnmørsalpane!